Gründerdraum må bli verkelegheit

Perpetual motion with LED bulb and simple light bulbs, Ill: Sillia @ Flickr

Førre fredag satte journalist Kjetil Østrem fokus på gründerar, der vert det påpeika av Arne-Helge Vaage i DnB at dei ulike aktørane må meir på banen. Det gjeld i særskild grad etablert næringsliv og politikarane.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**

Nytt beite.
Nytt beite.

Det må skapast fleire og varierte/nye verksemder, det er heilt naudsynt for å trygga velferden i framtida.
Me skal gjennom ei stor omstilling. Me er i for stor grad avhengig på petroleumsnæringa, det gjer oss sårbare for svingningar som medførar risiko for stabiliteten i arbeidslivet. Noko me er kjend med her.

Mot straumen
Mot straumen

Forklaringa me får frå gründerar og inkubatorane på kvifor berre 1 av 10 lukkast er; manglande kunnskap om det å driva verksemd og at ein har låg tilgang på risikovillig kapital. Dette gjeld særskild i fasen etter at forretningsplan og idé er utvikla, til ein er komen inn på marknaden, det Donny Reigstad i avisa kallar «Dødens dal». På dette tidspunktet er gjerne etablerarstipendet til Innovasjon Norge eller oppspart kapital oppbrukt, og det er lenge til ein vert attraktiv for såkornsfond eller reine venturekapitalistar.

Det ligg i ryggrada til vestlendingar å vera sjølvberga. Det inneber at Stord må bli ein «Ja»-kommune for dei som er villig til å investera tid, kapital og kompetansen sin på å skapa nye arbeidsplassar, då må det konkrete tiltak til.

Rådhuset på Leirvik
Rådhuset på Leirvik

Dei gode ideane må få dei beste føresetnadane for å verta realisert.

Først, når det kjem til kunnskap er inkubatorar som lokale Atheno svært viktig. Dei med idear vert møtt av kunnskapsrike mennesker for rådgjeving og rettleiing ovenfor myndigheiter og praktiske forhold. I tillegg opnar Atheno for eit stort og viktig nettverk, som mange gründerar dreg stor nytte av gjennom dei ulike fasane frå ide til marknad.

For det andre ønskjer Venstre å stilla kapital til rådighet for næringsutvikling lokalt. Det vil me gjera ved å oppretta eit omstillingsfond. Der t.d. Atheno får høve til å disponera ein andel av kraftsalsfondet. Pengar som i dag ligg i uetiske aksjefond som investerar i m.a. Exxon Mobile og McDonalds, kan nyttast på omstilling og næringsutvikling lokalt.

art Venstre vil på fylket og på Stord fokusera meir på Ungt Entreprenørskap, dagens skuleelevar bør få tilbod om å driva ungdomsverksemder, følgeforskning frå UE visar at det gir fleire som startar verksemder, og kvinneandelen er langt høgare enn tradisjonelt.

Nasjonalt har Venstre kravd gjennomslag på mange viktige punkter for nyskaping, knopskyting og innovasjon, Venstre vil også skapa grunnlaget for meir næringsutvikling lokalt, basert på den grøne omstillinga og trygging av framtidig velferd og miljø.

Saman med meir ressursar og kompetanse lokalt vil du få høve til å lukkast med gründerdraumen, lukkast med å skapa din og andres arbeidsplass og lukkast med å gje Stord eit breiare og variert næringsliv som kan byggja og tena på kvarandre.

 

Geir Angeltveit

Med liberal helsing,
Geir Angeltveit
Ordførarkandidat Stord Venstre
3. Kandidat Hordaland Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**