Naustdal Venstre set folk først. Skal vi trivast heime må vi ha eit rikt kulturliv og aktivt idrettsmiljø. Samtidskunst og Vevringutstillinga har plassert Naustdal på kunstkartet. Born og ungdom har og skal fortsatt ha tilgang til eit mangfald av aktivitetstilbod innan kunst, kultur og idrett. På kultursida vil vi arbeide for eit større engasjement rundt Ungdomens kulturmønstring og kulturskulen. Vi vil arbeide for at ungdommen si stemme skal vege tyngre når det kjem til utvikling av nye tilbod for denne gruppa. Ungdomsrådet skal få meir å seie på område som gjeld deira eige interessefelt. Vidare vil vi arbeide for at kunst for kunsten si skuld får sette sitt preg på Naustdal. Sentrumskjerna i i Naustdal skal framstå med eit heilskapleg arkitektonisk uttrykk.
Born og ungdom har i Naustdal lenge hatt eit godt og variert tilbod innan idrett, blant anna gjennom Tambarskjelvar IL og mykje frivillig innsats. Idrettslaget er viktig for kommunen og bygda. Venstre vil arbeide for at samarbeidet mellom kommunen og idrettslaget framleis vil gje eit mangfald av positive opplevingar for born og unge.
Med merking av turstiar, kulturløype, kartlegging av stølar og grusa turstiar vil vi gje tilgang til naturen også for grupper i samfunnet som ikkje har hatt høve tidlegare.
Det frivillige foreiningslivet er viktige for bevaring av kulturarven og den lokale identiteten. Naustdal Venstre ønsker å knyte tettare band mellom desse kulturberarane og barnehage, skule og SFO for å vidareføre lokale tradisjonar og skape nye generasjonar som kan ivareta og utvikle stolte kunst- og handverktradisjonar.
Eit trygt og godt bumiljø er òg ein viktig faktor for trivsel. Innbyggarane i Naustdal skal kjenne seg heime og godt i varetatt. Alle born skal ha ein trygg skuleveg og der avstanden gjer det mogleg skal dette også gjelde sykling og gåing. Størstedelen av vegen til skulen bør derfor vere fri for bilar.
Naustdal Venstre ønskjer flykningar som kjem til Naustdal velkomne og vil arbeide for at kommunen skal gjere sitt for å vere inkluderande og imøtekommande. Det vil vere viktig å samarbeide med frivillige lag og organisasjoner for å lette integreringa.
Naustdal Venstre vil:
• Arbeide for tryggare skuleveg slik at skuleborna trygt kan sykle eller gå til og frå skulen
• Arbeide for å realisere gangbru over Nausta
• Satse på og vidareutvikle aktivitetstilboda på Rampen ungdomsklubb
• Få fleire kulturskuleaktivitetar lagt til Naustdal
• Realisere planlagde aktivitetsområde for born og ungdom.
• Støtte opp om frivillig foreiningsliv og oppfordre til eit samarbeid mellom desse og barnehagen, skulen og SFO
• Støtte opp om Tambarskjelvar IL og utvikling av fleire aktivitetar for alle aldersgrupper
• Gje vidare støtte til merking og vedlikehald av turstiar og kartlegging av stølar
• Arbeide for å få gruslagde turstiar rundt i kommunen, slik at flest mogleg har moglegheit til å komme seg ut i naturen.
• Lage fleire møteplassar, i form av overbygde sitjeplassar, langs turstiar og kulturløype
• Sørge for god oppfølging og integrering for flyktninga