Gode veljar!
Her finn de hovudprioriteringar for Leikanger Venstre i komande valperiode. Gjennom framtidsretta val og løysingar, i samspel med andre, vil vi aktivt bidra til eit berekraftig Leikanger i vekst.
Leikanger Venstre vil
- Prioritere læring og trivsel for born og unge
- Legge til rette for skaparkraft og gode næringsmiljø
- Gjere grøne val til beste for folk og miljø
- Ta sosialt ansvar, satse på førebygging og tidleg innsats
- Samle Sogn til ein sterkare region
Prioritere læring og trivsel for born og unge
- Førebygging framfor reparasjon
- Sikre frie ressursar til tilpassa opplæring
- Fleire lærarar pr. born og elevar – prioritere ressursar til fast vikar
- Halde fram satsinga på vidareutdanning og fagnettverk
- Skule- og barnehageleiing framfor administrasjon og rapportering
- Sikre tilstrekkeleg med administrativ støtte for å frigjere pedagogiske ressursar ved skulane
- Styrke symjeopplæring
- Etablere samarbeid med frivillige lag/org om sommartilbod for born
- Lage plan for rehabilitering av idrettsfløyen på ungdomsskulen
- Utvikle eit framtidsretta, fleirfunksjonelt kulturareal i Saften, for bibliotek, ungdom og lagsliv
Stimulere skaparkrafta og legge til rette for utvikling
- Satse på attraktive bumiljø og ein variert bustadmarknad, inkludert gode utleigetilbod. Kommunen skal vere ein aktiv aktør, og ta ansvar og styring for fortetting og sentrumsutvikling.
- Jobbe systematisk med vertskapsrolla til Leikanger kommune, særleg gjennom:
- Aktiv dialog med bedrifter, lag og organisasjonar
- Utvikle eit betre tilbod til gründerar og nyetableringar gjennom meir samarbeid med næringsmiljøa i Luster og Sogndal
- Sikre at kommunen legg inn miljøkriteria i sine offentlege kjøp, og at innkjøpsrutinane også er tilpassa småbedrifter.
- Stimulere til at jorda i kjerneområda for landbruk blir skjøtta og teken i bruk.
- Verne om dyrka mark. Nybygging bør i stor grad skje som fortetting og knytt til allereie utbygde område.
- Legge til rette for opplevingsbasert reiseliv med utgangspunkt i stiar og løyper i fjellområda.
Gjere grøne val til beste for folk og miljø
- Bruke energieffektive løysingar i kommunale byggeprosjekt
- Stille tydelege miljøkrav i reguleringsplanar og utbyggingsavtalar
- Prøveordning for leasing av el-bilar til bruk i kommunal drift
- Legge til rette for at fleire kan bu i sykkel- og gåavstand til sentrum, arbeid og skule:
- utvikle eit nett av stiar, gåter og gangvegar mellom buområda, sentrum og skulane
- avgrense bilkøyring i området ved barneskulen og idrettsparken
- vidareutvikle Leikanger Utstyrssentral med utlån av el-sykkel
- vere pådrivar for sykkelfelt mellom Sogndal og Leikanger
- vere pådrivar for betre kollektivtilbod mellom Sogndal og Leikanger, også i helgane og på kveldstid
- Vidareutvikle friområda ved Nybø, Leikanger ungdomsskule og Pilaviki
- Jobbe for at ein tek betre vare på Sognefjorden som ressurs og vern om fiskebestandane
Ta sosialt ansvar, satse på førebygging og tidleg innsats
- Jobbe for betre samarbeid om førebygging mellom barnehage, skule og barnevern
- Sikre kommunale praksisplassar, eit godt kvalifiseringstiltak og systematisk integrering for flyktningar i samarbeid med lag og organisasjonar
- Etablere frivilligsentral som eit framtidsretta verkty i arbeidet med integrering av flyktningar samt som støtteteneste i eldreomsorga.
- Sikre kommunale bustader for funksjonshemma og eldre
- Styrke heimebasert omsorg og førebyggjande tiltak i pleie- og omsorgstenesta gjennom:
- samordning av dagsenter og butilbod for demente
- å satse på tilrettelegging av bustader, slik at fleire eldre kan bu lengre i eigen bustad. Mellom anna gjennom støtte til kompetanseutvikling for lokale snikkarar.
- Å satse på bruk av omsorgsteknologi
Samle Sogn til ein sterkare region
- Jobbe for å samle kommunane i Indre Sogn til ein stor slagkraftig kommune, som er i stand til å ta på seg nye oppgåver frå regional og sentral stat.
- Jobbe for at den felles bu- og arbeidsmarknaden i Indre Sogn framleis skal tiltrekke seg nye kompetansearbeidsplassar og vere attraktiv for kompetente arbeidstakarar. Særleg gjennom
- å ivareta vertskapsrolla til kommunen
- å tilby eit variert og mangfoldig bustadmarknad, både kjøpe- og leigemarknad
- Styrke kommunikasjonane til og frå Sogn:
- Jobbe for at vegen mellom Hella – Sogndal blir utbetra, 20-minutts avgangar på Hella-Vangsnes-Dragsvik og realisering av Vikafjellstunnelen
- Jobbe for nattstasjonert fly på Sogndal Lufthavn, og sikre at rutetilbodet i framtida er like godt eller betre enn dagens.
Eit levande demokrati
- Gjere møta i folkevalde organ tilgjengelege på nett-tv via kommunen sine nettsider
- Sikre at kommunen brukar klarspråk i sin kommunikasjon med innbyggjaren.
- Legge til rette for meir brukarmedverknad og –involvering.