Lei av å kjøre fram og tilbake til Bergen i den same køen kvar dag?
Os Venstre har ein konkret og presis politikk som vi meinar vil dempe pendlinga til Bergen og gi dei som no vert arbeidsledige, som fylgje av fall i oljeprisen, nye moglegheiter. Målet er å skape varige og sollide arbeidplassar som baserer seg på fornybare ressurar. Os og Vestlandet har dei beste forutsetningane for å etablere nye miljøvenlege arbeidsplassar. Ny verksemd basert på naturen; havet, fisken, vannet, kraften og teknologikompetanse må vi bli betre på å utvikle. Også avfallet vårt er ei ressurs som kan skape arbeidsplassar i Os.
Vi vil sikre at næringspolitikken i Os er kreativ og står på fleire bein enn det den til no har gjort. Dette skal Venstre mellom anna få til gjennom å:
- Gje aktiv støtte til gründere – opprette nytt næringsfond og kommunal næringslivsvert i tett samarbeid med Os Næringsråd.
- Tilretteleggje for næringer som det er naturgitte gode forutsetninger for i området. Til dømes blåskjell, tang og tareproduksjon i Bjørnafjorden, forsyningsindustri til ny energi kultur/medianæringer og reiseliv.
- Gje fritak for arbeidsgiveravgift tre år for nystartede bedrifter med mindre enn fem ansatte (sentralt forslag frå Venstre).
- Eit sterkare politisk fokus på næringslivsutvikling og aktiv samarbeid med innstanser som Innovasjon Norge og lokale finansieringsinstitusjonar.
- Tilrettelegge for møteplassar og samarbeid mellom aktøren innan same bransje, til dømes bygg og anlegg. Idéar og spirer til nye verksemder kjem ofte når aktørar innan same næring møtast og utvekslar erfaringer.
Venstre har i Stortinget lagt frem en tiltakspakke som kan gi minst 50.000 nye grønne arbeidsplasar i Norge. Os bør vera offensive og sikre at fleier av desse kjem i Os.
Døme på fleire konkrete tiltak:
- Hjelp til å finna høvlege lokaler i Os for Lysefjorden Mikrobryggeri og andre som treng lokaler for å starta eller utvida verksemda.
- Byggje fleire boliger for ungdom
- I følge ein kronikk i Aftenposten 8. juni meinar Norsk Industri, KS Bedrift og Bellona at avfall er ein råvare som kan utnyttast bedre og gi grunnlag for nye arbeidsplassar. Kvifor ikkje i Lidl-bygget? Os Venstre ønskjer å utrede eit handsamingsanlegg for plast i Lidl-bygget, slik at ikkje den plasten vi i dag kildesorterer vert kjørt til Tyskland/Sverige.
- Ein rapport frå EU syner at den kreative sektoren (kultur og medianæringer) er den næringssektoren med sterkast vekst i Europa. Det dreier seg om lokale arbeidsplassar for unge mennesker. Os Venstre vil tilretteleggja for etablering av eit miljø på Osøyro for slike næringer. Eit smart og tilpassa signalbygg for kultur og media i Osøyro vil saman med planane om fleire husvære skape liv på Øyro og vekst i handelsnæringa i sentrum.
I 2014 blei det etablert 82 aksjeselskap og 110 enkeltmannsforetak i Os. Venstre ønskjer å følgje opp desse enda bedre og gjera kvardagen enklare slik at dei kan konsentrere seg om å gjera det dei kan best. Skape arbeid for seg sjølv og andre.
Å skape fleire arbeidsplassar i Os er jobb nr. 1 og det viktigaste miljøtiltaket i dag.