Bli med på framtidas Stord

Geir Angeltveit ved Andadammen/Vikastemmo.
Ordførarkandidat for Venstre, Geir Angeltveit, Foto: Maria Angeltveit

Eg vil skapa eit samfunn der me tar ansvar for oss sjølve, og tilrettelegg for at du kan skapa ditt gode liv, der Stord er eit lerret for din livsglede.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**

Venstres utgangspunkt er kvart enkelt menneske sin ukrenkelege fridom og eigenart. Alle mennesker er ulike, men av lik verdi. Me trur at mennesker ønskjer å ta ansvar for seg sjølv, kvarandre, miljøet og framtidige generasjonar.

Me ønskjer å fremma livskvalitet og menneskeleg vekst. Våre verdiar forpliktar oss i å skapa eit lokalsamfunn me kan vera stolt over å gje vidare til framtidige generasjonar.

2. kandidat Maria Wilhelmsen Irgens
2. kandidat Maria Wilhelmsen Irgens

Stord må ta viktige grep for å førebu oss på framtida.

Me må ta vare på nærmiljøet vårt, og ta ansvar for vår forureining.

Me må skapa nye arbeidsplassar, for å gjer vårt lokalsamfunn mindre sårbart i møte med den grøne omstillinga.

Me må gje borna våre trygge og gode oppvekstvilkår, så dei kan ta vare på seg sjølv og andre.

3. kandidat Åge Aadland
3. kandidat Åge Aadland

Og me må vera førebudd på at det vil vera langt fleire eldre enn personar i arbeidsfør alder om berre få år.

Dette er utfordringar Venstre vil ta fatt på. Slik kan me halda på vår tryggleik og velferd, og overlata eit lokalsamfunn i betre stand enn me overtok det.

Som ordførarkandidat og politikar for Venstre vil eg prioritera desse utfordringane. Eg vil skapa eit samfunn der me tilrettelegg for at du kan skapa ditt gode liv, der Stord er eit lerret for din livsglede. Der alle skal ha høve til meiningsfulle aktivitetar, og vera med å ta ansvar for vår felles framtid.

I dette programmet visar me kva ambisjonar me har for Stord. Korleis me vil skapa eit meir variert næringsliv, ta ansvar for nærmiljø og klima, ha gode skular, trygga velferden, og bygga eit kulturelt lokalsamfunn med mål om livsglede, trivsel og utvikling.

Velkommen med på oppdraget.


Med liberal helsing,

Geir Angeltveit
Ordførarkandidat

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**