Alle må få naudsynt pleie og omsorg når dei treng det, og for dei som har behov for sjukeheim skal dei vera trygge på at dei får god hjelp og verdig omsorg. Retten til å avgjera eigen kvardag gjeld uavhengig av alder, og eldre som ønskjer og kan bu heima, med nokre tilpassingar i bustaden skal ha høve til dette.
Venstre vil ha ein kommune der innbyggjarane tek ansvar for eige liv og helse, og har omsut for andre.
Eit viktig prinsipp i alle hjelpetenester er hjelp til sjølvhjelp, eventuelt bistand til å tilpassa seg ein vanskeleg livssituasjon. Stord skal vera i forkant med teknologiske løysingar for velferd, fridom, tryggleik og folkehelsa.