Venstre vil styrka samarbeidet mellom dei ulike nivåa i behandlingsapparatet. Psykiske lidingar og ruslidingar aukar i vår verden. Mange vil oppleva ei slik liding i løpet av livet. Psykisk lidingar er ei av dei viktigaste årsakene til sjukemelding og uføretrygd. Det er behov for å styrka innsatsen innan barne- og ungdomspsykiatrien.
Venstre vil:
- vidareføra iJOBB-samarbeidet med Kirkens Bymisjon
- ha reell brukarmedverknad på individ og systemnivå
- tilsetja fleire erfaringsmedarbeidarar
- ha kompetanse i høve reduksjon av tvang
- ha tverrfagleg organisering innan arbeid med rus og psykisk helsearbeid
- utvida tilbodet med kommunepsykolog, som eit lågterskeltilbod