Sunnhordland Museum er heilt sentral som forvaltar og formidlar og kulturminner i regionen. I tillegg til dei 8 tuna Sunnhordland Museum driv og forvaltar, er og Stord Maritime Museum knytt til Sunnhordland Museum.
Miljøet på Jensaneset er viktig for å formidle vår kystkultur. Gruvemiljøet på Litlabø er eit svært verdiullt kultur- og industrihistorisk område for kommunen. Alle desse bør vidareutviklast som attraktive stader for turistar og fastbuande.
Kulturminnevern. Det er mange kultur- og fortidsminner i kommunen vår, og desse representerar viktige verdiar lokalt. Kulturminner er ikkjefornybare ressursar som bidrar til å skapa identitet, særpreg og stoltheit.
I tillegg til å skapa historieforståing er dei også ein viktig ressurs for lokal verdiskaping, reiseliv, og stadsutvikling.
Venstre vil:
- styrkja medvita kring kulturminner hjå innbyggjarane og politikarane
- bidra til ein politisk vedtatt kulturminneplan med ein forpliktande handlingsplan som vert godt forankra hjå kulturminneeigarane og kulturminneverninteresser
- at kommunen i samarbeid med for eksempel Fortidsminneforeningen og sogelag lagar lett tilgjengeleg informasjon til innbyggjarane om kommunens kulturminner
- ivareta alle lokale museumsmiljø for framtidige generasjonar
- leggja til rette for eit tettare samarbeid mellom kulturtenester og planleggjarar for å sikra gode plan- og reguleringsprosessar, som tar omsyn til kulturminna.