Miljøgifter og forureining

Idyllisk småbåtliv på Stord, Foto: Geir Angeltveit

Helse- og miljøfarlege stoff nyttast i alle sektorar og kunnskapen om mange av desse stoffa er avgrensa. Miljøgifter i havet tas opp i næringskjeda og er eit stort problem for både mennesker og dyr.

Lokalt utgjer spesialt gamle oljetankar og forureina grunn ein helserisiko. Undersøkingar i småbåthamner/marina har vist at det er svært høge konsentrasjonar av miljøgifter i grunn og sediment som stammar frå ulike båtaktivitetar og at det er for dårleg kontroll med avfallshandtering med fare for spreiing til naturmiljøet.

Venstre vil:

  • laga eit aktsemdskart for forureina grunn på land som skal vera tilgjengeleg for utbyggjarar og planleggjarar.
  • stilla krav til entreprenørar og leverandørar både ved utgraving/bygging og ved tilførsel av massar.
  • kartleggja omfang av miljø- gifter i sjøbotnen i hamneområder med tanke på eventuelle oppryddingstiltak.
  • erstatta bruken av vegsalt med miljøvenlege løysingar som varm sand e.l.
  • at kommunen sjølv ikkje skal bruka glyfosat (Roundup) ved stell av sine grøntanlegg.
**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**