Leirvik hamn er ein svært sentral del av kommunen, og mange engasjerer seg i visjonar om korleis hamneområdet best kan utviklast. Den hamna som er viktigast for drift og virke til Stord Hamnestel ligg på Eldøyane, det vert viktig for oss å styrka denne som godshamn i framtida.
Venstre vil:
- at Hamnestellet ved neste krossveg skal flytta til Eldøyane.
- ha ein serviceinnstilt organisasjon som er med på skipsretta og maritime aktivitetar i kommunen.