Kjenneteiknet på gode einingar er ofte dyktig leiing. Venstre ønskjer at alle kommunen sine etatar skal ha dyktige leiarar som har høve til å følgja opp dei tilsette og einingas behov. Det er stor variasjon i leiartettleik i kommunen, og desse har same ansvar ovenfor tilsette, enten det er ei stor eller lita eining.
Difor vil Venstre:
- at leiarutdanning skal ha prioritet, skal skje med jamne mellomrom og vera tverrfagleg og tverretatleg
- at det skal setjast eit mål for kor mange tilsette kvar leiar skal ha ansvar for
- at leiaravtaler vert evaluert og at det vert sett nye mål kvart år
- arrangera dialogmøter med politikarane
- at me som skuleeigarar skal vera varsame med å påleggja eigne kartleggingar i tillegg til dei som er avgjort nasjonalt.