Kollektivtrafikk

Leirvik Hamn, Foto: Geir Angeltveit

Sosial og miljøvenleg kollektivtransport på land og til havs er naudsynt. Det er bra for innbyggjarane å ha eit tilbod alle kan nytte seg av, og som hjelper på klimaet.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**

Som den største vegeigaren er det vårt ansvar å tilrettelegga for kollektivtrafikken. Knutepunktutvikling og tilrettelegging av haldeplassar er blant desse tiltaka.

Venstre vil:

  • jobba opp mot fylke og stat for betre og billigare kollektivtrafikk og forenkling av takstsoneinndelinga.
  • rusta opp haldeplassar og gjera dei meir tilgjengelege for passasjerar
  • planleggja byutvikling slik at ein fortettar busetnaden langs kollektivknutepunkt og trasear
  • arbeida for at sentrale bussliner går heile døgnet (i helgane), til same pris.
  • ha betre korrespondanse mellom kollektivtrafikken i bydelane og kommunane
**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**