Klimaendringar vil verta ei større utfordring for kommunen i åra framover. Allereie har me opplevd korleis stormar og intensivert nedbør kan påverka tenestetilbodet og infrastrukturen i kommunen.
Klimaendringar vil påverka fleire sektorar og tenesteområder kommunen har ansvar for. Difor treng me lokal klimatilpassing og beredskap.
Difor vil Venstre:
- samarbeida med lokalt næringsliv og borgarane for å sikra førebygging og beredskap, som ivaretar kritiske samfunnsfunksjonar.
- vurdera grøne tak som effektivt tiltak mot overvatn.
- dimensjonera infrastruktur slik at dei tålar forventa klimaendringar.