Integrering og livslang læring

Foto: Dreamstime.com

Stord skal vera ein god kommune å koma til, for nordmenn, framand arbeidskraft, og flyktningar.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**

Det er mange flyktningar som manglar fast busetting. Og mange personar står på vent nasjonalt. Stord kommune tar imot nokre, men kan busetja fleire og ta ansvar for integreringa av våre nye landsmenn.

Ei god vaksenopplæring er viktig for integreringa. Me vil ha eit tilbod som reflekterar den kommunen dei er busett i og som gjer det attraktivt å verta busett her også etterpå.

Kommunen skal også ønska velkommen og ta i mot dei mange arbeidstakarane som kjem til oss via schengen-samarbeidet.

Venstre vil:

  • setja staten si oppmoding som ei minstenorm for busetjing
  • oppretthalda drifta av mottaksbarnehagen på Heiane
  • involvera frivillige, lag og organisasjonar i integreringarbeidet.
**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**