Det er per i dag ingen tiltak eller ordningar som gir oss kompetanse eller midlar til å lykkast med miljøvenlege innkjøp. Det er tilfeldig i kor stor grad miljøomsyn vert tatt med i innkjøpssprosessar. Venstre vil at vår kommune skal lena seg på merkeordningar, standardar og miljøprogram som finnest.
Kommunen kan ikkje krevja at eit produkt i eit tilbod er miljømerka, men me kan setta krav i utlysinga som tilsvarar merkeordningar.
Venstre vil:
- at kommunen framleis skal vera følgja prinsippa om miljø- fyrtårn og fairtrade by.
- at miljø- og klimakrav skal vektast høgt ved innkjøp
- settja mål om innkjøp av økologiske og bærekraftige matvarer.
- settja mål om mindre kjøt og meir fisk ved institusjonar.
- invitera til idèdugnad for å identifisera kommunen sitt potensiale for innsparing i forbruk.
- legga vekt på at verksemder ein handlar med tek imot lærlingar