Oppdrettsnæringa er det viktigaste innslaget i den marine næringa i regionen. Det er viktig at kommunen legg til rette for at veksten i næringa skjer innanfor ansvarlege rammer.
Opne anlegg i sjø er ikkje ei framtidsretta driftsform. Kommunen må difor leggja til rette for aktørar som vil satsa på landbaserte eller lukka sjøanlegg, og bidra til at dei får gunstige vilkår.
Venstre vil:
- legga til rette for aktørar som vil satsa på landbaserte eller lukka oppdrettsanlegg
- støtta innovasjon i marine næringar med lokalt vekstpotensiale
- ta miljøomsyn ved bruk av ferskvatn til havbruk.