Folkehelse er aktuelt på mange områder, frå skule til næringsliv og byutvikling. Venstre ser folkehelse i samanheng med andre områder.
Gjennom samhandlingsreforma og auka ansvar for folkehelsearbeidet har kommunen sitt ansvar for førebyggjande helsearbeid blitt viktigare dei siste åra. For liten innsats for å avgrensa og førebyggja sjukdom er blitt identifisert som ei av dei viktigaste utfordringane innan helseog omsorgstenestene.
Me vil bistå folk i å snu dårlege vanar, og å ta inn ungdom tidleg for å skifta uheldige mønster.
Venstre vil:
- oppretthalda frisklivssentral – eit tilbod om livsstilsendring
- auka stillingsprosenten som folkehelsekoordinator
- utvida tilbodet ved frisklivssentralen til å også gjelda yngre.