Eldreomsorg

Foto: CC av gillnisha - http://pixabay.com/

Seniorane i kommunen vår skal ha eit godt aktivitetstilbod og ei verdig tilværsle på livets siste dagar.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**

Eldre er unge som har levd ei stund, og det er stor individuell skilnad på kva eldre har behov for av tenester.

Tilbod til eldre må stetta ulike behov, og til ei viss grad gje valfridom for den enkelte. Eldre skal ha attraktive tilbod og meiningsfulle gjeremål, Difor vil Venstre stimulera til meir aktivitet blant eldre ved mellom anna å tilrettelegga med lokaler.

Difor vil Venstre:

  • byggja sjukeheimar der det er mogeleg å differensiera brukarane.
  • ha ny sjukeheim ferdig i 2017.
  • nytta stallen ved Knutsaåsen og oppgradera den til Grendahus.
  • stimulera til innovasjon i tilbodet til eldre, og sjå nye moglegheiter
  • framleis utbygging av heimebaserte tilbod slik at eldre kan velja å bu heima lenger.
**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**