Sentrum treng ein revitalisering, og ein ny offensiv strategi for byutvikling. Venstre vil fortsettja å vera pådrivar for gode samlingsplassar i kommunen.
Venstre vil ha mangfald og variasjon i butikkar, serveringsstadar, og kulturtilbod.
Det må skapast fleire møteplassar med benker, skulpturar, leikeområde, uteservering og marknadar. Møtestader skal vera inkluderande, kan vera små og store, og ha fokus på det å vera saman.
Stord er ein kommune i vekst. For å møta utfordringar innan næringsliv, miljø og tenesteproduksjon må kommunen arbeida målretta. Venstre vil oppretta ein eigen Komité for Byutvikling og Miljø. Dette ønskjer me å gjera ved å konsentrera relevante oppgåver i ein og same komité.
Kommunen skal ha eit aktivt uteliv med gode føresetnadar. Dette vil skapa liv i sentrum med aktivitetar, servering av mat- og drikke, konsertar og sosiale møtestadar.
Den nye komitéen vil ha som formål å sameina desse felta på ein ny måte, og staka ut kursen for korleis kommunen vert å sjå ut i framtida. Høgskulen Stord/Haugesund speler ei viktig rolle for utvikling av kunnskap, kompetanse og kultur i byen og regionen vår.
Venstre vil jobba for å styrka studie- og forskingsmiljøet på Stord i samarbeid med HSH og eventuelle fusjonspartnarar. Me er også interesserte i at studentar på Stord kan tenkja seg å verta buande og arbeidande her etter studietida. Me vil arbeida for å vera ein god vertskommune.
Venstre vil:
- oppretta ein eigen Byutvikling og -miljøkomité
- at kommunen ikkje skal byggast på dispensasjon
- utvide uteserveringa til klokka eitt
- vera positive til uteservering på Torget ved spesielle høve.
- utvikla eit godt samarbeid med eventuelle fusjonspartnarar frå starten av
- samarbeida med studentsamskipnaden om å leggja til rette for eit godt studiemiljø
- at kommunen skal vera synleg ved utdanningsstadene, med tilbod om sumarjobbar, prosjektoppgåver for studentar osb. Det er gode rekrutteringstiltak.