Nullutsleppsbilar er med på å redusera utsleppa frå transportsektoren. Kommunen er ein stor køyretøyseigar og bør så langt som mogeleg kjøpa nullutsleppskøyretøy.
Ladbare hybridar kan gje ein stor utsleppsreduksjon og luftkvalitetsforbetring, men er avhengig av ein god infrastruktur for lading.
Venstre vil:
- bygga ut moderne standard fleksiladestasjonar ved knutepunkta.
- at alle nye kommunale køyretøy skal vera låg- eller nullutsleppskøyretøy.
- ha færre bilar på vegane, så næringstransport, kollektiv, utrykningskøyretøy osb. kjem raskare fram.