Avfall, renovasjon og forsøpling

Anne Sofie Riseng plukker søppel. Det er særlig mye isoporbiter., Foto: Gunn-Torill Homme Mathisen

Venstre har ei målsetnad om å redusera avfallsmengden i kommunen. Nesten alt avfall kan koma til nytte igjen som råvarer i nye produkt eller i energiproduksjon. Dette vil bidra til ein kretslaupsøkonomi og samstundes redusera utslepp av klimagassar og miljøgifter frå avfall.

Søppelet skal vekk frå gatene og naturen. Kommunen skal fortsetja å vera eit førebilete når det gjeld effektiv kjeldesortering og gjenvinning

Venstre vil:

  • mål om at alt utrangert materiale lagt til auksjon på nett, averterast internt som sal eller gis vekk.
  • bli medlem av Grønt Punkt og nytta medlemsskap som krav i offentlege anskaffingar, slik at leverandørar vil måtta framvisa Grønt Punkt-medlemsskap.
  • ha kjeldesortering i alle kommunale verksemder.
  • arbeida for at ressursane i alt avfall og kloakk vert nytta.
  • at Stord kommune tar initiativ til samarbeida med frivillige for rydding av naturområder
**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**