Arealplanlegging

Rådhuset på Leirvik, Foto: Geir Angeltveit

Kommunen sit med ansvaret for heilskapelege planar innad i kommunen, herunder arealplanlegging. Dei har ansvar for byutvikling, og avgjer kor ny utbygging skal skje og kva områder som skjermast.

Venstre vil nytta arealplanlegging som eit politisk styringsverktøy for korleis kommunen skal sjå ut i framtida.

Venstre vil:

  • søka heilskapelege løysingar på tvers av kommunegrenser ved utarbeiding av nye kommuneplanar
  • i utgongspunktet vera svært restriktive til prosjekt som utfordrar jordvern, kulturminnevern og hundremeterskogar
  • at strandsone til sjø og vatn skal i hovudsak bevarast for kommande generasjonar
  • at trasé for E39 Heiane – Nordre Tveita ikkje skal skjæra av store delar av Landåsen
  • at Landåsen skal bevarast som Stord kommune si bymark • at eventuelt nytt ferjesamband til Kvinnherad ikkje skal koma i konflikt med viktige LNFområder
  • strandpromenaden Moloen-Mølla vert lagt til grunn i høve utbygging i området, og tilkopling mot Ådlandsvatnet
  • sikra fortetting langs kollektivknutepunkt
  • setta av areal til kommunale bustader i alle bustadsfelt
  • leggja til rette for busetnad i alle bydelar • ta inn klimagassutslepp som eige kriterium i kommunen sine utbyggingar og investeringar
  • bruka grunneigarbidrag som grep for å betra arealplanlegging som sikrar samfunnsinteresser
**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**