Arbeid og Næringsutvikling

Perpetual motion with LED bulb and simple light bulbs, Ill: Sillia @ Flickr

Venstre vil satsa på entreprenørskap og gründerar for å skapa morgondagens arbeidsplassar. Dei gode idéane skal få dei beste føresetnadane for å verta realisert.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**

Nye arbeidsplassar må skapast.

Nytt beite.
Nytt beite.

Ein viktig byggestein for gode levekår i kommunen er eit variert næringsliv, Venstre vil legga til rette for nye arbeidsplassar i kommunen.

Me skal nytta dei middla som trengst for å gå frå idé til arbeid. Og me skal utdanna våre ungdomar til å utvikla sine idéar. Nasjonalt, regional og lokalt går me inn i ei tid med djuptverkande endringar i sentrale berebjelkar i vårt samfunn.

Vår kommune er for sårbar for svingningar i petroleumsnæringa, noko me merkar godt i nedgongstider. Og Stord skårar svært høgt på Telemarksforskningens sårbarhetsindikator, dvs at nye arbeidsplassar og næringssatsing må rettast inn mot sektorar som er med på å skapa betre næringsbalanse i kommunen.

Dei gode idéane skal få dei beste føresetnadane for å verta realisert.

Den etablerte oljenæringa på Stord, er van med endring og omstilling. Fagområder og krav som er sett til produksjon i dag, er svært annleis enn for berre nokre år sidan. Det er all grunn til å tru at desse verksemdene også i framtida vil ha fokus på naudsynte omstillingar.


art Innovasjon er målet, entreprenørskap er vegen.

Det ligg i ryggrada til vestlendingar å vera sjølvberga. Det inneber at Stord må bli ein «Ja»-kommune for dei som er villig å satsa kvardagen sin på å skapa nye arbeidsplassar. Difor vil Venstre ha eit omstillingsfond for næringsutvikling, administrert av Atheno.

Det gründerar ofte manglar er startkapital eller risikovillig kapital. Fondet skal ha som mål å skapa verksemder som bidrar med nye og forskjellige arbeidsplassar.

Og så må me arbeida med førstelinetenesta vår, slik at dei som kjem med idear, vert møtt av kunnskapsrike mennesker for rådgjeving og rettleiing i forhold til myndigheiter, og hjelpa med praktiske forhold.

Innovasjon oppstår som eit resultat av entreprenørskap og difor er entreprenørskap ein føresetnad for innovasjon.

Venstre vil:

  • oppretta eit omstillingsfond for næringsutvikling administrert av Atheno for Stord.
  • auka tilskotet til førstelinjetenesta. • målretta arbeid om å få ned sakshandsamingstida ved søk om næringsutvikling.
  • oppretta prosjektstilling for å søke tilskot frå ulike tilskotsordningar.
  • la ein ny byutviklingskomité handsama større deler av budsjettet for næringsutvikling for å sikra eit levande lokaldemokrati.
**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**