Venstre vil stansa utryddinga av artar og ta omsyn til miljøet i all planlegging og utbygging.
For å sikra det biologiske mangfaldet, er det naudsynt å redusera inngrepa i naturen gjennom god forvaltning og auka vern, og ved å stoppa utbreiing av framande artar på land, sjø og vatn. Me har mange interesser knytta til kystsona.
Aukande konkurranse og interessekonfliktar gjer kystsona utfordrande å forvalta. Kommunen har mynde over arealbruken i sjøområda, og for å skapa god utvikling treng kommunen eit godt styringsverktøy
Venstre vil:
- ta omsyn til bier og humler lokalt, mellom anna ved å planta “rett” type planter, vera restriktive med sprøytemiddel og fjerna prydplanter/trær som er skadelege
- arbeida for fjerning, og mot spreiing av svartlista artar som finnest lokalt. (Tromsøpalme, vasspest mm)
- jobba for å ivareta raudlista artar som finnest lokalt. (salamander, dvergålegras mm)
- sikra kunnskapen om og forståinga av kystsonen gjennom å oppfordra til lokalt samspel mellom marin næring, skule og museum.
- arbeida saman med lokal havbruksnæring for å sikra miljøvenleg og framtidsretta drift.