Stadig fleire born er i skulen heile dagen, gjennom at dei har plass i skulefritidsordning (aktivitetsskule). Venstre ønskjer at borna skal ha ein heilskapeleg skuledag tilpassa deira behov. Og foreldra som arbeider i fellesferien må ha eit attraktivt tilbod til borna også om sumaren.
Venstre vil:
- legga til rette for fysisk aktivitet, gjerne utandørs, i SFO.
- legga til rette for samarbeid med kulturskule, idrettslag, korps og frivillige organisasjonar i SFO.
- ha eit ferietilbod med sosial profil, der borna kan få gode opplevingar.