Ein lærar få vera lærar, ikkje helsesøster og vaktmeister. Lærarane i Stord har mykje etter- og vidareutdanning, og me ønskjer at Stord framleis skal vera ein attraktiv kommune å vera lærar i.
Det er ei særskild utfordring å rekruttera menn til barnehageyrket, Venstre meiner det er viktig for borna at dei får møta vaksne av begge kjønn i barnehagen.
Difor vil Venstre:
- styrkja rekrutteringa av menn til barnehageutdanning gjennom målretta kampanjar og tilrettelegging.
- ivareta gode seniortiltak
- få fleire yrkesgrupper inn i skulen for å gje lærarane tid til sine kjerneoppgåver.
- prioritera etter- og vidareutdanning i fag der det er låg andel med formell kompetanse i kommunen.
- vidareutdanna ufaglærte, slik at dei får fagbrev som barneog ungdomsarbeidarar.