Vårt oppdrag er å sikra kvaliteten til dei yngste borgarane våre. Barnehagen er ein arena der ein lærer gjennom leik og sosialt samspel.
Venstre legg vekt på at borna får ei opplæring der dei utviklar seg gjennom å vera med andre born og bli godt rettleia av vaksne. Leik er det sentrale i born si utvikling, og må vera det primære også i aktivitetar der opplæring er målet.
Det er positivt at borna får veksa opp i sitt nærmiljø, difor ønskjer Venstre å satsa på nærbarnehageprinsippet. Me skal tilretteleggja for friluftsliv og naturleik, og at born er ulike og at barnehagar skal ha mangfald.
Bemanningsnorm er viktig for å ha nok folk på jobb, for å sjå borna. Og for å reint praktisk å oppfylla pedagogiske mål.
Difor vil Venstre:
- oppretthalda høg pedagogtettleik, og arbeida for ein auke til 50% i alle barnehagar.
- sjå plassering av nye barnehagar i tilknyting til gode og tilgjengelege friluftsområder.
- følgja prinsipp om nærbarnehagen.
- ha eit mangfald av barnehagar, som frilufts-, musikk- eller idrettsbarnehagar.