Spørsmål frå Venstre om lærlingar

Voss kommune har i fleire år låge under Kommunenes Sentralforbund sitt normtal for talet på inngåtte lærekontraktar. Behovet nasjonalt for fleire fagarbeidarar er venta å vera aukande i åra framover. Også på Voss er det trong for kompetente fagarbeidarar innan mange sektorar, til dømes helse, omsorg, barnehage, bygg- og anleggsbransjen og så vidare. I tillegg er det trong for store, seriøse aktørar som kan vera med å utvikla morgondagens fagarbeidarar. Kommunane har i så måte ei viktig rolle!

Dessverre har utviklinga dei siste åra peika i feil retning for Voss(sjå saksframlegg frå HFK ved å følgja linken).

Venstre meiner difor Voss kommune bør trappa opp inntaket av lærlingar i kommunal regi dei neste åra, og sørgja for gode lærings- og utviklingsvilkår for morgondagens fagarbeidarar. Kostnaden for dette er liten, og vinsten med gode, kompetente og trygge fagarbeidarar er stor!

Venstre vil difor spørja ordføraren om følgjande:

  1. Er ordføraren einig i at me bør trappa opp satsinga på lærlingar i Voss kommune?
  1. Kva tiltak ser ordføraren føre seg på kort og lengre sikt for å satsa på lærlingar og fagarbeidarar i Voss kommune?

 

Med venleg helsing

Jorunn Ytrefjord Knut Olav Røssland Nestås

Voss Venstre

 

Kjelde:

Hordaland Fylkeskommune – http://einnsyn.hfk.no/eInnsyn/DmbHandling/ShowDmbHandlingDocument?dmbId=2788&caseType=CasesFremlegg&registryEntryId=68823

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**