Skule og oppvekst

Naustdal Venstre vil ta eit aktivt ansvar for barnehagane og skulane i kommunen i samråd med dei som arbeider i tenestene. Vi meiner at gode fagfolk skapar gode barnehagar, skular og gagns menneske. Borna skal utvikle sosiale dugleikar, læring, kreativitet og nysgjerrigheit og alle skal ha den same mogelegheita til å utnytte evnene sine. Ingen born er like, og vi må syne dei tillit med å ha ambisjonar for kvar einskild.

Barnehagane i Naustdal skal fortsatt vere ein god plass for leik og læring, men det er behov for fleire vaksne per born og nye stillingar bør bemannast av barnehagelærarar og andre med relevant fagkompetanse for å få auke pedagogtettleiken. Barnehagane skal få meir planleggingstid.

SFO er ein sentral del av skuledagen for mange elevar. Naustdal Venstre har tru på å knyte tettare band mellom det frivillige foreingslivet/einskild personar og barnehage, SFO og skule for å vidareføre lokale tradisjonar, og styrke den lokale identiteten.

Skulane i Naustdal skal ha eit læringsmiljø det er godt å vere ein del av. Trivsel for både vaksne og born er viktig for å kunne yte sitt beste og vi skal tore å vere ambisiøs på elevane sine vegne, men på ein måte som skapar glede for læring. Då treng vi også motiverte lærarar som gler seg til å gå på arbeid. Naustdal Venstre vil gjere kvardagen til lærarane enklare, syne dei tillit og styrke deira pedagogiske handlingsrom.

I både skule, barnehage og SFO må tilsette jamnt kunne fylle på med etter- og vidareutdanning etter behov.
Vi må lytte til erfarne fagfolk og flytte makt framover til dei som arbeider nærmast borna våre. Det vil alltid vere eit spenningstilhøve mellom faglege vurderingar av kvalitet og innhald i tenestene på den eine sida og dei økonomiske rammetilhøva på den andre sida. I åra som kjem må kvalitet få vege tyngre.

Dei offentlege tenestene i Naustdal har vore, og er under store strukturelle endringar. Naustdal Venstre meiner vi må fullføre prosjekt som er sette i gang. Vi må tenke langsiktig med å syte for at det blir gjort gode materialval i byggeprosessar, at vi får eit sentrum med arkitektur som er heilskapleg saman og som vi kan vere stolte av, samt uteområde legg til rette for fysisk aktivitet og kreativitet.

Naustdal Venstre vil arbeide for:

  • auka pedagogtettleik i barnehagar og skular i kommunen
  • ei styrking av arbeidet med tilrettelagt opplæring for alle elevar – at alle får opplæring som svarar til sitt nivå
  • innføring av 1 time fysisk aktivitet og læring i veka for elevane
  • å opne for trening i arbeidstida for tilsette
  • å gjennomføre barnehageopptak to gongar i året.
  • å gi meir makt til barnehage- og lærarkollegiet
  • å oppretthalde skulen i Vevring
  • at Naustdal kommune skal halde fram med å vere ein føregangskommune på entreprenørskap i opplæringa
  • ei styrking av vaktmeistertenesta
  • samarbeid mellom skule / barnehage og frivillige organisasjonar / personar, for å halde i hevd lokale tradisjonar, styrke den lokale identiteten og utvikle born sine evne til å arbeide med hendene.
  • å styrke Naustdal kommune sitt samarbeid med kulturskulen og få fleire aktivitetar lagt til Naustdal
**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**