Miljø og natur

Miljø og natur
Selskapet Nordic Mining skal vinne ut mineralet rutil frå Engebøfjellet og dumpe 300 millionar tonn gruveavfall i Førdefjorden, inkludert ei rekkje giftige stoff. Før konsekvensane var utgreidd skikkeleg sa kommunestyret ja til i prosjektet i 2011. Merk at avgjerda vart teken av kommunestyret som hadde blitt vald inn i 2007. I 2007 var ikkje Nordic Mining sine planar ferdigstilte, og verken politikarar eller veljarar kjende dermed då til konsekvensane av prosjektet.

Likevel var det dette kommunestyret som meinte at dei hadde eit mandat frå veljarane til å seie ja til den mest omfattande planlagde miljøøydelegginga i nyare norsk historie. Først dei siste 2-3 åra har konsekvensane ved Nordic Mining sitt rutilprosjekt blitt synleggjorde av ulike fagmiljø samt av media lokalt, nasjonalt og internasjonalt.

Det er stor usikkerhet knytt til miljøulempene og kostnadane ved prosjektet. Miljødirektoratet vedkjenner at gruvedrifta vil kunne skade miljøet, men meiner at verdien av prosjektet på 3,9 milliardar over 50 år vil vege opp for ulempene. Noreg eksporterte til dømes sjømat for 67 milliardar kroner berre i 2014. Nokre promilles varig reduksjon i dette kan bety tapt forteneste lik verdien av gruvedrifta.
Denne risikoen gjer at Naustdal Venstre ikkje vil ofre tradisjonelt fiske, fiskeoppdrett, reduserte bestandar av villaks og tap av rekreasjonsverdiar eller Naustdal sitt renommé.

Ved Førdefjorden har Miljødirektoratet godtatt den billigaste deponiløysinga. Naustdal Venstre vil jobbe for å hindre at forureina avgangsmasse vert deponert i fjorden. Vidare vil vi jobbe for strengare miljøkrav og reguleringspolitikk i framtidige liknande prosjekt.

Naustdal Venstre er ikkje i mot gruvedrift, eller anna industri i kommunen som skaper arbeidsplassar. Men vi meiner at strenge miljøkrav vil stimulere til innovasjon for gjenbruk og tryggare deponiløysingar, som igjen vil kunne bidra til at Noreg ikkje vert blant dei siste landa i verda som tillet sjødeponi. Naustdal Venstre meiner at Noreg – som eit av verdas rikaste land har råd og ei moralsk plikt til å bruke føre var prinsippet.

Naustdal Venstre vil òg vere ein framtidsretta kommune ved å fase ut den kommunale bilparken frå bilar drivne med fossilt brensel, til meir miljøvenlege bilar. Vi vil at det òg skal vere mogleg for innbyggarane i Naustdal å velje meir miljøvenlege alternativ til transport og derfor vil vi ha fleire ladestasjonar for el-bilar i kommunen. I dag er det èin ladestasjon i Naustdal som er plassert i sentrum. For å kunne nytte seg av el-bil i heile kommunen vil det vere nødvendig å sette opp ladingspunkt både utover i fjorden og oppover i dalen.
Kjeldesortering av hushaldningsavfall er i dag noko som er innført i omtrent alle kommunar i Noreg. Naustdal kommune har i dag ikkje dette tilbodet gjennom SUM. Naustdal Venstre ynskjer å arbeide for at innbyggarane i Naustdal skal få dette tilbodet.

Vi vil jobbe for:

  • Å stoppe etableringa av Fjorddeponiet.
  • Strengare miljøkrav generelt og handheving av desse.
  • Konstruktivt samarbeid mellom partia som seier nei til fjorddeponi.
  • Fase ut den kommunale bilparken til el-bilar
  • Kjeldesortering av avfall i kommunen.
  • Ladestasjonar for el-bilar i Dalen og i Fjorden.
  • Bærekraftig bruk av naturen som gjer det attraktivt å bu i kommunen
  • Stimulere til økologisk landbruk
**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**