Korleis kan Sogn og Fjordane gå i front i det grøne skiftet i norsk økonomi?

Alfred Bjørlo, Ordførar i Eid, Fotograf Vidar Helle

Vil Fylkesordføraren ta initiativ til at Sogn og Fjordane legg ein strategi for å gå i front av det grøne skiftet i norsk økonomi, og raskt gripe mulegheitane for ny vekst og næringsutvikling i Sogn og Fjordane som det grøne skiftet gir?

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**

Interpellasjon til Fylkestinget 16.-17. juni 2015

Bakgrunn

  1. Globale trendar
    Dei neste 15 åra vil vere avgjerande for om verda klarer å avgrense den globale temperaturauken til to grader. Skal vi klare det, må det meste av dei fossile energireservane på jorda (kol, olje, gass) bli verande under bakken/havet – samtidig som den allereie rivande teknologiutviklinga og kommersialiseringa av fornybare energikjelder skyt ytterlegare fart.

Innan 2030 vil også folketalet på jorda passere 8 milliardar. Over 2 milliardar menneske skal på denne korte tida løftast ut av fattigdom, storstilt urbanisering/fortetting vil vere ein global trend og verdsøkonomien vil vekse med over 50%.

Samla sett krev ikkje dette berre ei rask omlegging bort frå fossil energi, men eit “grønt skifte” i heile samfunnsøkonomien for øvrig. Framtidig vekst må baserast på fornybar energi, auka berekraftig matproduksjon frå sjø og land, klok husholdering med naturressursar ut frå strenge miljøkrav og kretsløpstankegang med mål om nullutslepp i dei samla verdikjedane. Etterspurnaden etter slike løysingar vil vere enorm på globalt nivå – og kome raskt.

  1. Nasjonal strategi i Noreg for grøn omstilling
    Noreg står overfor ei særleg utfordring ved at vi har den mest oljeavhengige økonomien av alle europeiske land. Vi ser allereie dei første følgjene av det gjennom lågare oljepris og fallande investeringar og sysselsetting i petroleumsnæringa – mellom anna som følgje av at fornybar energi er i ferd med å utkonkurrere fossil energi i marknader verda over.

Regjeringa og stortingsfleirtalet varslar at dei vil møte desse utfordringane med å blinke ut rask omstilling til ein ny, grøn økonomi som ein nasjonal strategi. Noreg har allereie forplikta seg til å redusere klimautsleppa med 40% innan 2030. Nasjonal politikk vil i åra framover bli retta inn mot å dyrke fram og stimulere dei nye, grøne næringane som gradvis skal ta over sysselsetjing og verdiskaping etter oljen, og dei nye teknologiske løysingane eit framtidig klimanøytralt samfunn skal byggast på. Mellom anna vil Innovasjon Norge sin nye strategi som blir lagt fram om kort tid, ha “grøn omstilling” som eit gjennomgåande tema.

  1. Sogn og Fjordane: Spesielt gode føresetnader for det grøne skiftet
    Sogn og Fjordane har alle føresetnader for å gjere det betre i den nye, grøne økonomien enn i den gamle oljeøkonomien. Mellom anna har vi dei største fornybare energiressursane av alle norske fylke, vi er store på fiskeri og havbruk – og i motsetnad til i petroleumssektoren vil mykje av veksten og nyskapinga i den nye grøne økonomien kunne skje ved desentralisert produksjon/verdiskaping. I den grøne økonomien er vi ikkje avhengig av at store selskap som Statoil eller utanlandske konsern “forbarmar seg” over Sogn og Fjordane og legg smular av den verdiskapande aktiviteten hit etter politisk press – i den grøne økonomien kan vi ta leiarskap sjølve.

Det som også særmerker den nye grøne økonomien, er at han krev klare, samla strategiar frå offentleg og privat sektor om kvar ein vil og korleis kome dit. For å ta nokre døme:

  • Ein maritim sektor som skal investere tungt i å utvikle nullutslippsteknologi for skip, eller ein byggsektor som skal utvikle passivhus/plusshus, er avhengig av å kunne stole på at det offentlege konsekvent stiller strenge miljøkrav i framtidige offentlege innkjøp
  • Skal energiselskapa kunne satse langsiktig på storskala utbygging av fornybar energi i fylket, må det henge saman anten med klare strategiar for bruk og foredling av fornybar energi lokalt, og/eller infrastruktur som gjer det føreseieleg å kunne levere energi til andre marknader i inn- og utland.
  • Skal fiskeri- og havbruksnæringa kunne satse for fullt på å ta ut verdiskapings-potensialet som ligg i å selje verdas reinaste og mest berekraftige sjømat ut på verdsmarknaden, må ein kunne stole på at fylket har ein samla strategi på å halde fjordane og havet reint – og framstå som ein region som tek miljø og berekraft på alvor.

I all hovudsak er dette godt nytt for Sogn og Fjordane. Som eit lite fylke med tradisjon for nær samhandling mellom næringsliv, offentleg sektor og FoU-miljø har vi gode mulegheiter til å bevege oss raskare framover “i samla flokk” mot ein grøn økonomi enn større regionar med meir komplekse beslutningsstrukturar og fleire band til den gamle oljeøkonomien. I den grøne økonomien kan vi ta føringa sjølve, og få opp lokale verdikjeder og verdinettverk som gjer oss i stand til å oppskalere aktivitet i Sogn og Fjordane og/eller utfylle verdikjeder utanfor regionen vår.

Det krev langsiktige mål og ein gjennomtenkt strategi der ein koblar energipolitikk, næringspolitikk, FoU-satsing og offentlege investeringar og innkjøp – og gjennomgåande prioritering av grønt framfor svart.

Ein tydeleg, uttalt strategi for å ta leiarskap i den grøne økonomien vil også kunne ha andre positive effektar: Det vil gi interessante og framtidsretta arbeidsplassar som gjer Sogn og Fjordane langt meir attraktivt for ungdom og tilflytting enn eit fylke som “heng etter” i omstillinga til framtidas næringsliv – og det vil auke sjansane for at staten går tyngre inn med midlar til omstilling og utvikling, jmf dagens trugsmål om fallande inntekter til fylket i åra framover.

Eit første oppspel til ein 10-punkts strategi for å ta Sogn og Fjordane i front av den nye, grøne økonomien kan vere:

  1. Spisse eigarskapsstrategien til Sogn og Fjordane fylkeskommune inn mot å prioritere eigarskap til energiressursane i fylket – med mål om å utvikle eit sterkt og samla eigarskaps- og utviklingsmiljø for fornybar energi i Sogn og Fjordane.
  2. Legge til rette for Sogn og Fjordane som føretrekt stad for uttesting og utvikling av ny energiteknologi som bølgjekraft og flytande offshore vind.
  3. Legge ein hydrogenstrategi for Sogn og Fjordane: Utvikle infrastruktur for gradvis å fase inn hydrogen som drivstoff på køyretøy og fartøy til erstatning for fossile drivstoff fram mot 2030 – i størst mulig grad kobla opp mot lokal produksjon av hydrogen i fylket.
  4. Legge ein samla profileringsstrategi for Sogn og Fjordane som føretrekt etableringsstad for ny kraftkrevjande, grøn industri som grøn datalagring, prosessindustri og hydrogenproduksjon. Profileringsstrategien bør også framheve jobbmulegheiter innanfor det grøne skiftet.
  5. Utgreie og løfte opp nasjonalt mulegheitane for direkte straumkabling frå Sogn og Fjordane til Europa (UK/kontinentet) for å sikre marknadstilgang for framtidig auka produksjon av fornybar energi i fylket. Ei slik kabling kan kombinerast med utbygging av infrastruktur for marin fornybar energi og elektrifisering på sokkelen, og med utbygging av fiberkabling til utlandet.
  6. Setje mål om passivhus-standard for alle nye bygg i fylket frå 2020/2025 og “klimaoppgradering” av eksisterande bygningsmasse – kombinert med eit samla FoU-prosjekt for å utvikle ei innovativ, grøn bygg- og anleggsnæring i Sogn og Fjordane.
  7. Vri alle FoU- og næringsretta verkemiddel inn mot grøn omstilling av næringslivet – konsekvent prioritere fiskeri/sjømat og andre næringar som er fornybare og “evigvarande” der det oppstår trong for interesseavveging mellom ulike næringar.
  8. Legge ein samla plan for tilgang til landstraum frå alle cruise/- større industrihavner i fylket innan eit gitt årstal, setje krav om nullutslepp/lågutslepp i framtidige ferjeanbod, og tilsvarande strenge utsleppskrav i framtidige ruteanbod på buss-/båtruter. Gå i dialog med Staten om ordningar for kostnadsdekning av evt meirutgifter.
  9. Setje konkrete mål om auka matproduksjon frå Sogn og Fjordane til lands og til havs – setje av nødvendige areal til dette i samråd med næringar og kommuner – og prioritere dei matproduserande næringar i arealbruk og FoU-samanheng. Særleg fokus på potensialet i nye marine næringar som t d algeproduksjon, og nye forretningsmodellar innanfor landbruket som hydrphonics (dyrking av vekstar med vatn utan jord) og aquaponics (kombinasjon av tradisjonell akvakultur og dyrking av vekstar).
  10. Setje krav til grøn finansforvalting i Sogn og Fjordane fylkeskommune, minst på line med krava som er sett til forvalting av pensjonsmidlar i kommune/stat gjennom KLP/SPU.

Lista er ikkje utfyllande, og er i denne runden meint som eit første oppspel til ein strategi for grøn vekst frå interpellanten si side.

Poenget med interpellasjonen er ikkje å be Fylkesordføraren her og no ta stilling til kvart punkt på lista over, men å utfordre Fylkesordføraren til å setje på dagsorden trongen for ein snarleg, samla strategi for grøn vekst og næringsutvikling i Sogn og Fjordane og målretting av alle sektorar og verkemiddel inn mot dette.

 

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**