Slik starta Fylkestingsrepresentant Klaus Iveren sitt innlegg til generell politisk debatt på Fylkestinget i Balestrand. – Mitt innlegg vil dels ha eit blikk bakover på kva som har vore gjort eller ikkje gjort i fylket, men dels mest på kva vi bør vektlegge framover for å legge til rette for ei god framtid for fylket.
Eg har laga meg nokre stikkord, som alle tek til på K, og som i essens omtaler kva dette handlar om:
- Kraft (energi)
Energi er første ledd i det en kan kalle «samfunnsmaskina» vår. Dei som har og kan kontrollere store mengder energi, har dei beste føresetnadar for å kunne påvirke samfunnsutviklinga i alle samfunn.
SFF har dei fleste av desse føresetnadane. Vi har olje og gass som framleis i mange tiår vert ei viktig næring, både på sokkelen utanfor fylket og på land. Det er likevel slik at dei tyngste og langsiktige investeringar ikkje vil kome i denne næringssektoren framover.
Det må erkjennast at fylket ikkje godt nok har nytta dei sjansane som var for 20-30 år tilbake, – då oljenæringa utvikla seg og var på sitt høgste.
Vi har fått for lite igjen i aktivitet (2-3 %) i forhold til dei ressurane (ca. 31 %) som låg/ligg utanfor fylket. Vi har fått høvesvis altfor lite igjen for den gullalder oljenæringa har vore igjennom.
Her har savnet av den fylkestingsvedtekne E-39 trasseen på kysten tidleg på 1990-talet, vore stort, og antagelig sterkt medverkande til at olje- og gassnæringa ikkje tok sjansen på å etablere seg tyngre utan tjenlige samferdselsløysingar.
Dette har på den andre sida no spart oss for større tap av arbeidsplassar i leverandørindustrien enn i andre nabofylker, – utan at dette er noko fylkeskommunen bør rose seg av.
Framtidsenergien er imt. fornybar energi: Vannkraft, vindkraft, bølgekraft, biokraft. Alt dette er SFF rik på. Det er her den grøne energien vil utvikle seg. Det er her framtidsinvesteringane, og dei heilt naudsynte klima- og miljøgevinstane , kjem. Her må verken fylkeskommunen eller næringslivet no sove i timen. Det er no mange av desse energitoga går.
- Kunnskap
Vi har god kultur for læring og foreldre som støttar opp om elevane. Vi utdannar av dei beste elevane i landet. Dei har høg integritet, god identitet og høg sjølvkjensle. Vi er av dei fylker som framleis set læraren høgt – den viktigaste kjelda for læringsformidling.
Vi har gode høgskular som bidreg til at vi greier å halde betre på elevane enn vi ellers kunne. Vi mister altfor mange til andre fylker som veit å sette pris på elevane våre. Her må vi bli betre. Det kan imidlertid være vanskelig å finne fasiten på dei gode løysingane her.
- Kreativitet eller innovasjon
Dette handlar om skaparevne, skaparkraft og gjennomføringsevne , hvor verdier og holdninger vert skapte og formidla.
Dette handlar vidare bl.a. om grundarar. Dei som skal skape dei nye arbeidsplassane våre. Desse som, etter alminnelig samfunnsmeining, ofte opptrer irrasjonelt og ikkje tilpassar seg våre A4-målestokkar.f
Det er slike menneske som ofte prioriterar tiltak framfor å vente på offentlege vedtak. Det er slike som berikar både bedrifter og samfunn, – men ofte slit ut seg sjølve og sine nære familierelasjoner i form av fråvær og brutte menneskelege relasjonar.
- Konkursar (!)
Det høyrest umiddelbart noko merkeleg at eg nemner konkursar i denne sammenheng. Her er likevel viktige poeng.
Eg tek her først naturen som et eksempel. På mange måter går «naturen» konkurs kvar haust. Alt planteliv og vekst stopper opp og vert sanert, for så å gjenoppstå i ny prakt og utfalding i ein ny vår. Dette er kanskje spesielt til glede for SP’s mange bønder, men også for oss andre.
Som konkursbobestyrer gjennom meir enn 30 år for tingrettane, har eg mange ganger sett flinke og samvetsfulle bedriftsleiarar måtte innlevere selskapa sine til konkursavvikling. Det lukkast dei ikkje å få bedriftsmessige overskudd. Årsakene til dette kan være mange. Grunnideen for verksemda kan være uferdig utvikla. Eller det har vore uventa hendingar. Marknaden har slått feil. Eller ein veg er omlagt slik at bensinstasjonen mista det meste av omsetninga si.
Konkursar er vanlegvis kriseprega situasjonar. Ordet «krise» i det kinesiske språket har ei todelt meining. Det betyr både krise og mulighet. Det er mulighet-sida av krisa eg vil understreke.
Mitt poeng er:
- At vi oftare må bruke meir tilgjeving og tolmod overfor dei som ikkje har lukkast, ikkje bare i næringslivet, men også elles i samfunnet.
- At vi oftare må gje fleire tillatingar og muligheter for næringsutvikling.
- At vi opparbeider meir tillit og truverde, samt forutberegnlighet, overfor dei som vil satse liv og midlar, både for seg sjølve og for samfunnet.
- Kommunikasjon
Først har vi dei tradisjonelle vegar, lufttrafikk og sjøtransport. Dette kan det seiast mykje om. Vi må framleis auke innsatsen her. I 1980-åra var det avsett til samferdsel 7-8 % i statsbudsjettet, mens det dei seinare åra har lagt på vel 2 %. Vi har ikkje i forhold til samla budsjettmidlar prioritert godt nok kommunikasjon og samferdsel i samfunnet. Til sammenligning bruker vi på våre trygder og velferd ca. 40 % av budsjettet.
Etter mi mening eit dette et paradoks: Vi brukar for mykje på velferd og forbruk, og for lite på infrastruktur, som igjen kan skape vekst. Eg synes likevel det er lovande takter i satsinga på samferdsel frå den regjeringa vi har no.
Den andre motorvegen er den digitale utviklinga gjennom internett m.v. Vi veit alle kor viktig dette er både for næringslivet og våre borgarar. Vi ligg bra an m.h.t. utbreiinga av breiband i fylket. Dette er viktige føresetnadar for at det vert mindre viktig å ha verksemder i sentrale strøk. Gode digitale motorvegar gjer SFF meir konkurransedyktig enn elles.
Den tredje motorvegen i kommunikasjonen er dei mentale relasjonar mellom oss som menneske, – kanskje viktigast i dei nære relasjoner. Her har vi kanskje forsømt oss mest. Vi har altfor mange, om vi brukar vegspråket, «raserte eller rasutsette relasjonar». Det er en god del igjen å ønske m.h.t. handsaminga av rus, pykiatriske sjukdomar og andre livsmestringslidingar. Her er vi langt mindre vellukka enn vi vil ha det til i trivselsfylket.
- Kvinner
Kor mange kvinner vi har, kvar dei er og kva dei gjer, er ofte gode indikatorar for styrken i og framtida for eit samfunn.
Kvinnene er no like godt, og til dels betre utdanna enn mennene. Dei har høg sjølvtillit. Vi har for få arbeidsplassar for kvinner. Altfor mange av dei fær ut av fylket i ung alder. Dei fleste kjem ikkje att. Og mennene følger ofte med kvinnene ut av fylket.
Noko av løysinga må være å skape byar og større bygdesenter med fleire arbeids- og utdanningsplassar for kvinner i fylket. Og: Det er lett å være enig med ordfører Olve Grotle i Førde når han seier at « noko av det beste han ser er heisekranar og gravide kvinner».
- Kreditt – kredittverdighet og finansiell styrke
Vi har for små og svake finansielle miljø i fylket. Veksten i finansmarked generelt korresponderar vanlegvis med vekst i næringslivet. Om vi ikkje får det, får vil heller ikkje eit tyngre finansmiljø. Her er det en siamesisk samanheng.
Og for all del: Fylkeskommunen og vi politikere må ikkje tru at vi har mykje pengar å tilby næringslivet m.v. Vi kan i beste fall vere fødselshjelp for noko aktivitet, men vi vert til dei mange og langsiktige finansielle behov som skal til for å utvikle eit vekstkraftig næringsliv i fylket med sine mange naturgjevne ressursar.
- Kultur
Vi har kalla oss trivselsfylket. Dette er framleis riktig i stor grad.
Vi veit alle at kultursektoren ofte vert salderingsposten på offentlege budsjett når det knip om. For å snakke i eit bilete: Det er lettare å ta bort «gjødsel»til mentale og sosiale aktivitetar, enn å ta brødet bort frå dei fysiske behov.
Fylket har mange gode kulturtilbod. Vi har kunna gje smale tilbod til få av oss. Det har vore høg kvalitet og integritet i våre kulturtilbod. Kunstnarar og idrettsmenn og kvinner har ofte hevda seg framifrå i nasjonale og internasjonale samanhengar.
Når vi no går mot sparemodus i fylkeskommunen: Gjev vi framleis gode kulturtilbod. ? Tilbyr vi dei «rette» tilboda ? Tek vi nok hensyn til dei som skal ta imot tilboda ? Etterspør dei noko anna enn vi tilbyr? Medfører økonomisk smalare tider behov for et mindre- eller meirforbruk av kulturtenester ? Svarer er ikkje gitt.
Kulturelle limstoff mellom menneske i samfunnet er ofte viktigare i vanskelige tider, enn når «olje- og honningkrukkene» er fulle. Då har egokulturen ofte litt for store handlingsrom.
La meg tørre å stille eit noko politisk ukorrekt spørsmål: Burde vi tillate oss en viss sanering i vår velferd og våre kulturtilbod, ein liten styrt «konkurs» på nokre område i verdas rikaste land, for så å blankpollere meir felleskaps- og solidaritetsholdningar,- i inn og utland ?
Det mest viktige er at barn og unge, samt svakare stilte i samfunnet vårt får tilbod som ikkje bare er utdanning, men også dannelse i vid forstand for å møte livets utfordringar og muligheter.
- Kommunestruktur
Vi er alle midt oppe i debattar om strukturar både på kommune- og regionplan. Venstre mener det er riktig å viktig å tegne nye og større kart her. Det må knytast saman større felles arbeids-, bu og kulturområder. Eg skal ikkje gå tyngre inn på dette her.
Bare seie at det er grunn til å tru at nye og større kommunar og forvaltningsnivå vert betre rusta til å møte framtida.
Samla sett til sist
Vi får framleis mange oppgåver og muligheter framover. SFF vil vere av dei områder i landet, p.g.a. dei mange ressursar vi har, som vil være best rusta til å møte framtida på ein god måte om vi legg forholda til rette for det.