Det seier Fylkestingsrepresentant for Venstre, Alfred Bjørlo, etter at Fylkestinget i dag samrøystes vedtok eit framlegg frå Venstre om dyr og folkehelse i samband med vedtak av Regional Plan for folkehelse 2015-25.
– At folk i alle aldersgrupper og i alle livssituasjonar kan ha kontakt med dyr, er noko av det enklaste og mest verknadsfulle vi kan legge til rette for for å førebygge sjukdom og betre folkehelsa. Gjennom ordningar som «Inn på tunet», vidareutvikling av tilbod om terapi-riding og andre hesteaktivitetar og tilrettelegging for kontakt med dyr på eldreinstitusjonar med vidare, kan vi som politikarar legge til rette for dette.
– Eg vil særleg trekke fram mulighetane som ligg i å bruke fjordhesten og andre norske hesterasar meir systematisk i helsesektoren – både for born og unge, til personar med nedsett funksjonseven, innanfor psykiatri, rus og som førebyggande helsesatsing. I tillegg til å gi god folkehelse, vil det skape nye bruksområde for fjordhesten som er med å skape lønsame arbeidsplassar i hestenæringa og sikre framtida for fjordhesten, seier Alfred Bjørlo
Framlegget frå Venstre som vart samrøystes vedteke av Fylkestinget var som følgjer:
«Kontakt med dyr og natur er viktig for folkehelsa. Landbruket og dyremiljøa i fylket bør få høve til å vere ein aktiv deltakar i folkehelsearbeidet, mellom anna gjennom å saste på «Inn på tunet»-ordninga og å vidareutvikle tilbod innanfor dyr og helse.»