Medlemene i Venstres gruppe for marin sektor, hadde sitt første møte på Stortinget fredag 12.juni.
Det var i vår at Venstres sentralstyre bestemte at det skulle opprettast ei slik gruppe, og Landstyret fekk i oppgåve å nominere personar til å fylle dei 8 plassane. Gruppa vert leia av stortingsrepresentant Pål Farstad.
Det var mange som ynskte å vere med i gruppa, og Suldal Venstres Nina Østebø, seier ho er svært glad for at ho har fått ei av plassane i gruppa.
Dei andre medlemene er; Andreas Falck, Arne Karlsen, Kine Reinertsen, Terje Soløy, Arne Ivar Mikalsen, Kari Ø. Toft og Harald Lindvik.
Mandatet til gruppa er;
1. Utarbeide Venstres svar på Tveteråsutvalets NOU
2. Utvikle forslag til Venstres politikk på marin sektor som vekstnæring
– Eg ser fram til dette viktige politiske arbeidet, innanfor ei næring som eg er svært interessert i, seier Nina Østebø. Det er ikkje til å stikke under ein stol at dette er eit politikkområde som Venstre kan bli mykje betre på.
Me min bakgrunn som gründer innanfor blåskjelloppdrett og havbruk, kan eg bidra med kunnskap og perspektiv i frå denne sida av næringa.
Gruppa er sett saman av folk med ulik bakgrunn, og det er dette som gjer det så spanande. Eg har stor tru på at me kan vere med å bidra til at Venstre skal få til den beste politikken innanfor marin sektor! I tida framover kjem eg nok til å bruke ein del av fritida mi på å lære endå meir om fiskeri og havbruk – ei næring for framtida, og den nest største eksportnæringa, etter olje og gass.
Ta kontakt!
– Om nokon har synspunkt eller innspel til gruppa, anten det gjeld Tveteråsutvalets NOU eller meir generelt, så vil eg gjerne at dei tek kontakt med meg.
nina.ostebo(a)gmail.com