Program for Fjell Venstre

Klikk her for å lesa programheftet.

Program for Fjell Venstre 2015-19

Folkestyre, miljø og nyskaping

Fjell Venstre vil ta makta tilbake til kommunestyresalen. Der skal det sitja myndige borgarar, valde av folket, med ambisjonar om å styra kommunen til beste for innbyggjarane. Det er dette det kommunale sjølvstyret handlar om. Det er store oppgåver som ventar i Fjell, og då er det viktig at det er politikarane som rår.

Formannskapslova av 1837 og det kommunale sjølvstyret la grunnlaget for at det er dei folkevalde som er sett til å styra i norske kommunar. Rådmann og administrasjon skal lojalt følgja vedtak i folkevalde organ, så som formannskap og kommunestyre. Fjell Venstre vil syta for at dette styringsprinsippet blir strengt praktisert, og vil styra kommunen slik at veksten blir til nytte og glede for alle dei som alt bur her – og for dei som kjem til. Styringa må vera basert på opne politiske prosessar, der opplyste borgarar kan seia meininga si undervegs.

Veksten skal skje balansert og i heile kommunen, endå om dei utpeika sentra – Straume og Ågotnes – vil måtta får større vekst enn dei fleste grendene.

Eit tettare samarbeid, eventuelt samanslåing, med kommunane Sund og Øygarden, må skje i ein vennlegsinna atmosfære, der største kommunen viser raus velvilje i møtet med dei mindre grannekommunane. Både Sund og Øygarden må i så fall sikrast berekraftige senter og ei utvikling minst like god som om dei var sjølvstendige kommunar.

Det forpliktar å vera ein stor og veksande kommune, den tredje største i Hordaland. Idet valkampen tek til, opplever vi den største flyktningekatastrofen etter andre verdskrigen. Noreg må ta sin del av børa, og Fjell bør vera raus når Staten ber oss busetja flyktningar. Særleg kan det vera trong for å ta imot born og unge, som dermed kan få ein ny start i Fjell.

Konsentrert bustadbygging

Vekstkommunen Fjell har siste fire åra vakse med om lag 2000 personar til 24 000 innbyggjarar. Eit sviktande Sotrasamband har truleg dempa tilflyttinga siste åra, men presset vil auka alt før nytt samband er på plass tidleg på 2020-talet. Sannsynleg folketal om 20 år blir på heile 40 000 fjellsokningar. Folketalet i regionen – Sotra pluss Øygarden – vil truleg passera 60 000 i 2035.

Framtidig bustadbygging i Fjell vil måtta skje med mindre raus bruk av areal. Fjell har ikkje uavgrensa tilgang på byggjeland, så her kan det vera klokt å økonomisera med arealet. Einebustader på store tomter vil i mindre grad prega framtidig utbygging. Rekkehus og leilegheiter – gjerne i små blokker – krev vesentleg mindre plass.

Også dei gamle grendene må få tilgang på nye bustader. Men det er eit overordna mål at bustadbygging må knytast til kollektive transportløysingar. Fjell Venstre vil elles leggja til rette for ei meir miljøvennleg bustadbygging, med bruk av fjernvarme og bygging av såkalla passivhus.

Regelverket kring bygging i strandsona må praktiserast romsleg, slik at det kan bli aktivitet i 100-metersbeltet der det er busetnad frå før. Samstundes må 100-metersregelen nyttast på eit vis som gir allmugen tilgang til strandsone og sjø. Dette gjelød særleg i tettbygde strok, som på Litle-Sotra.

Fjell har eit rikt miljø av naust og sjøhus. Altfor mange står til nedfalls. Det er viktig at kommunal planlegging legg til rette for at eigarane kan halda desse nausta i stand. Men då må det også tillatast ein bruk av naust og sjøhus som kan gje eigarane inntekter.

God helse for ung og gamal

Førebyggjande helsearbeid er ei investering i framtida. Eit godt grunnlag er lagt med det medisinske senteret som no skal etablerast på Straume. Det må arbeidast offensivt og med førebyggjande tiltak mot rusmisbruk og kriminalitet. Eit mål må vera at Fjell kommune etablerer ein rusakutt tilsvarande den som finst i Bergen. På sikt er det også ønskjeleg med eit dagsenter, med diverse tilbod til rusmisbrukarar, slik MO-sentera i Bergen tilbyr.

Fjell Venstre ønskjer å styrkja helsesøsterteneste i kommunen.

Det må leggjast til rette for at dei eldre, som er ei veksande gruppe, kan bu heime så lenge som råd. Då må det satsast på ei heimesjukepleie som fungerer, og som gir heimesjukepleiarane gode arbeidsforhold og høve til å ta seg tid med klientane.

Mange eldre vil måtta tilbringa livskvelden på ein offentleg institusjon. Her må Fjell vera føre var og byggja ut eldreomsorga med eit variert tilbod – og på ulike nivå.

Fjell Venstre vil at lærarar/førskulelærarar blir kursa i korleis dei kan oppdaga vald og overgrep mot born på eit tidleg tidspunkt.

Vi må reisa kollektivt

Overordna planlegging for byar og tettstader påbyr kategorisk at all auke i trafikk frå 2014 skal skje via kollektive transportmiddel. Dette er krevjande, men Fjell Venstre meiner dette er einaste framtidsretta løysing som kan hindra nye køar på innfartsårane til Bergen generelt – og på Sotrasambandet spesielt.

Meir generelt vil Venstre prioritera eit tryggare lokalt vegnett, med gode gang- og sykkelvegar. Born skal kunna ferdast trygt på skulevegen.

Skal kollektivtrafikken fanga opp trafikkauken, må det byggjast ein del vegstubbar på Litle-Sotra som i større grad enn hittil legg til rette for kollektivtrafikk. Vegen frå Straume til Foldnes/Våge/Anglevik må vidareførast til Hjelteryggen. Då kan bussar køyra frå Straume og ta med seg dei folkerike områda frå Foldnes til Hjelteryggen direkte til byen – og same rute heimatt. Dagens vegstandard over Hjelteryggen tilseier at gjennomkøyring må reserverast for buss.

Sameleis må vegen frå Straume til Ebbesvik fullførast snarast, slik at bussar kan gå frå Straume om Ebbesvik/Snekkevik/Brattholmen/Arefjord og direkte til byen. Retur langs same aksen.

I eit litt lengre perspektiv må det byggjast ny veg mellom Haganes og Liaskjeret, slik at også denne delen av kommunen – inkludert Lie/Ekrhovda og Søre Bildøy/Gamle Bildøy – kan få eit fullverdig kollektivtilbod. Dette bør skje parallelt med ei kraftig opprusting av vegen mellom Kolltveit og sørover til grensa til Sund kommune.

Med prognosar som seier tilseier 60 000 menneske i Sotra/Øygarden-regionen i 2035, må det leggjast til rette for bybane alt i samband med det no planlagde Sotrasambandet, i første rekkje til Straume. Når det gjeld traséval for Sotrasambandet på Sotrasida, krev Venstre at traséen blir lagd i samsvar med Fjell kommunestyre sitt samrøystes vedtak den 21. juni 2012.

Endå om det no er vedteke nytt samband parallelt med det eksisterande, meiner Fjell Venstre at det på lengre sikt bør koma eit nytt og avlastande samband lenger sør. Det vil tryggja beredskapen, og gje ei meir balansert utbygging på Sotra. Vegen på vestsida, frå Kårtveit forbi Eide, Sekkingstad og Møvik, treng opprusting snarast.

Fjell Venstre kan ikkje sitja passive og venta på at det – kanskje –blir etablert såkalla «Parker&reis-anlegg» i Fjell. Vi vil påleggja fylkeskommunen om snarast å ta initiativ for at slike anlegg blir etablert fleire stader, så som på Kolltveit/Fjell, Ågotnes og Straume.

Venstre vil også utgreia om eit miljøvennleg sjøverts samband til Bergen kan bli eit framtidsretta alternativ til transport på veg.

Gode lærarar – gode læremiljø

Fjell Venstre gir skulen høg prioritet. Viktigaste oppgåva for skulen er å gje den enkelte elev best mogeleg kunnskapsnivå, grunnleggjande ferdigheiter og tru på eigne evner.

Grunnskuleelevene i Fjell skal ha tilgang til ein offentleg skule som gir dei eit godt fagleg og sosialt tilbod, og sikrar eit godt læremiljø. Den viktigaste faktoren i skulen er læraren. Det er difor eit krav at læraren har utdanning i dei faga han/ho underviser i. På ungdomssteget bør utdanninga tilsvara 60 studiepoeng i kvart fag frå universitetet.

Skulestrukturen i Fjell er – trass i fleire rundar siste åra – ikkje tilfredsstillande. Det er lite gunstig å køyra elevane frå Ekrhovda og Lie til Kolltveit, når det i neste omgang fører til at Kolltveit-elevane må køyrast til Knappskog. Fjell Venstre vil krevja at kommunestyret med ope sinn føretar ei ny heilskapsvurdering av skulestrukturen i Fjell.

Fjell Venstre vil sikra at lærarane i kommunen får den etterutdanninga dei treng. Vi vil også sikra at skulen i Fjell er ein attraktiv arbeidsplass som tiltrekkjer seg gode lærarar.

Gjennom gode og trivelege klassemiljø sikrar vi trygge elevar og eit godt læremiljø, der vaksne lærarar er tydeleg til stades og elevane viser omsut for kvarandre. Elevane skal veta at det er nulltoleranse for mobbing i Fjell. Elevane skal også ha tilgang til uteområde som inspirerer til leik og aktivitet. Symjebasseng og god symjeopplæring – heile året – som ein del av gymnastikkundervisninga, er viktig i kystkommunen Fjell.

Fjell Venstre vil også ha gode skulebibliotek på kvar skule, der ansvaret ligg hos ein fagutdanna bibliotekar. PC kan vera ein styrke i undervisninga, men må brukast med forstand. Forsking viser at tradisjonell undervisning tidvis kan vera vel så bra.

Når Fjell skal vidareutvikla skulestrukturen, er det elevens beste som har høgste prioritet. Fjell Venstre ønskjer at elevane i Fjell så langt råd er skal ha tilbod om ein skule i nærmiljøet. Lang skulereis med buss eller bil må helst unngåast. Skule i nærmiljøet er også ein av faktorane som gjer det attraktivt å busetja seg i bygdene i Fjell. Samtidig veit vi at der finst ei nedre grense for kor liten ein skule kan vera.

Fjell Venstre ønskjer å halda på skulen som viktig kulturformidlar, og vi vil at Fjellskulen skal prioritera å gje elevane kunnskap om historia i heimkommunen. Tilbodet om høgare utdanning lokalt i Fjell har gitt gode resultat, og kan gjerne utvidast til fleire fagområde.

Ein grøn og nyskapande kulturkommune

Fjell Venstre vil styrkja det frivillige og mangfaldige kulturlivet i kommunen vår. Lag og organisasjonar – som driv med alt frå idrett til song og teater – må gjevast gode arbeidsvilkår. Fjell Venstre vil ha ei lokal forankring i utviklinga av eit breitt kulturtilbod. Vakre kulturlandskap og lokale kulturminne må takast vare på. Kulturlandskapet blir best forvalta av eit berekraftig landbruk, basert på bruk av heimevla fôr.

Fjell er ein ung kommune, der born og ungdom utgjer ein uvanleg stor del av det veksande folketalet. Vi har eit rikt tilbod av idrettslag, korps og andre frivillige organisasjonar, og dei må få gode arbeidsvilkår. Idrettsanlegg, fotballbaner, bingar og fleirbrukshallar er viktige. Men vi må også leggja betre til rette for dei som vil gå sine eigne vegar og føretrekkjer frie aktivitetar.

Sjø- og båtliv er viktig for innbyggjarane i ein kystkommune, endå om det no handlar meir om fritid enn om næring. Kommunale planar må sikra tilgang til sjø og gjesteplassar/gjestehamn. Venstre ønskjer også at kommunen i langt større grad legg til rette for at attraktive område i strandsona blir friluftsområde. Difor er det gledeleg at Geitvika på Søre Straume nå ser ut til å verta realisert som offentleg badeplass.

Fjell kommune bør snarast leggja til rette for større og betre parkeringsplassar for dei som vil gjera seg nytte av den vakre naturen vår. Det gjeld mellom anna ved vegen opp til Pyttane, i Bildøybakken, vest på Kolltveit og for dei som vil til Fjell festning og til Liåtårnet. Dei gamle stiane gir rikeleg tilgang til frodig og urørt natur. Vi må også ha rikeleg tilgang på turløyper med universell utforming.

Fjell festning bør utviklast både som museum og som attraktivt friluftsområde, til glede for så vel kommunens innbyggjarar som for tilreisande turistar.

Fjells viktigaste bidrag til ei løysing på klimautfordringa, er ei massiv satsing på kollektivtrafikk.

Eit nyskapande næringsliv

Fjell Venstre vil aktivt støtta den heilt nødvendige omstillinga frå fossil energi til meir klimavennlege energiformer. I Fjell kan denne omstillinga bli krevjande, men den gir oss også sjansen til å vera tidleg ute. Den lokale satsinga på undervassteknologi gir lovande perspektiv for framtida.

Også handelen er viktig for Fjell, som har eit av dei største og mest moderne kjøpesentra i heile landet. Handelen, og den nye Kystbyen på Straume/Bildøytangen, treng areal. Det er rimeleg at Kystbyen då vil måtta ekspandera sørover til det eksisterande industriområdet på søre Straume. Både handel og ny busetnad, i form av og nye blokker og leilegheiter, må tilpassast eksisterande busetnad. Alt no bør ein tenkja på nytt eller nye industriområde til erstatning for søre Straume.

Den nye Kystbyen må strekkja seg etter arkitektoniske kvalitetar på høgt nivå, der kvantitet må finna seg i å koma i andre rekkje. Byen må gje rom for kulturbygg i tillegg til kino, og inn iblant dei travle handlegatene må folk kunna slå seg ned i ikkje-kommersielle soner. Slike tiltak vil dempa kjøpesenterpreget og gje Kystbyen særpreg og appell utover det reint ordinære. Fjell Venstre seier nei til sundagsopne butikkar.

Fjell kommune – 15-20 minutt frå Bergen sentrum – kan by på eit eldorado av øyar og frodig kystnatur, i eit landskap som både inkluderer storhavet i vest og lune vikar i smulare farvatn lenger inne. Også mange utlendingar elskar dette landskapet og sjøen omkring. Difor bør Fjell i langt større grad enn hittil leggja til rette for ein turisme som på sikt kan bli ei viktig næring i kommunen.

I arbeidet med å skaffa regionen større industriprosjekt, vil Fjell gå i nært kompaniskap med grannekommunane Sund og Øygarden, og såleis sjå heile regionen under eitt. Vi meiner det er framtidsretta næringspolitikk.

Sjømatnæringa er stor både nasjonalt og i Fjell kommune. Oppdrettsnæringa produserer store volum mat, og skaper verdiar både direkte og gjennom ringverknadar til anna lokalt næringsliv. Fjell Venstre ønskjer å leggja til rette for ein berekraftig sjømatnæring i kommunen, med moderat bruk av antibiotika og høg grad av dyrevelferd.

Venstre anerkjenner at oppdrett og havbruk har eit stort vekstpotensial. Men det er ein føresetnad at vidare vekst i næringa er berekraftig og ikkje påfører naturen varig skade.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**