Stor hall eller liten hall?
Saka om bygging av ny fleirbrukshall og val av hall-alternativ skal opp til avgjerd i kommunestyret i Eid 25. juni, med planlagt byggestart rett over sommaren.
Kommunestyret i Eid vedtok i fjor å byggje ny fleirbrukshall til erstatning for den over 50 år gamle gymnastikksalen ved Nordfjordeid skule. Byggeprosjektet har vore lyst ut på anbod med to alternativ for storleik på hallen: Halv og heil handballbane med hallflate på høvesvis 23×24 og 25×45 meter.
Anbodsopninga 2. juni synte at det er mindre kostnadsskilnad enn venta for dei to alternativa. Stor hall kostar ca 10 mill kr brutto meir. Av dette blir 6-7 milllionar kr finansiert gjennom auka tippemiddel-tilskot og andre bidrag, slik at netto meirkostnad for Eid kommune blir berre ca 3 millionar kr.
Oppstart til hausten
-Det er gledeleg at det har vore såpass stor interesse frå ulike tilbydarar i anbodskonkurransane, og at konkurransekreftene har fått verke i kommunen sin klare favør.
Eid Venstre er særs nøgd med at det no ligg til rette for oppstart av bygging både av nytt omsorgssenter og ny fleirbrukshall i Eid i 2015. Dette er prosjekt som har stått på vent i Eid heilt sidan 1990-talet, fordi ein i tidlegare kommunestyreperiodar ikkje har klart å få på plass byggevedtak og finansiering. Eid Venstre er glade for at vi i denne kommunestyreperioden har klart å få «hol på byllen» for begge desse viktige prosjekta for folk i kommunen vår, seier Eid Venstre sin gruppeleiar Arild Nøstdal.