Valprogram 2015 – Transport og kommunikasjon

God infrastruktur er viktig for miljøet og for næringslivet. Eit godt kollektivtilbod er ein føresetnad for berekraftig vekst, særleg i Bergensregionen, medan trygge vegar og stabile ferjesamband er viktig for distrikta. Venstre vil planlegge alle nye større samferdsleprosjekt i ein større samanheng for regionane. Vidare utbygging av digital infrastruktur er viktig.

Meir buss og bane

Venstre vil:

  • Ha ein tydeleg strategi for drosjepolitikken
  • Arbeide for eit felles billettsystem på all kollektivtrafikk i fylket
  • Har som mål å fjerne aldersgrensa på Studentskyss, samt inkludere nattakst i Ungdomsskyss.
  • Vurdere å gje ansvaret for kollektivtrafikken til Bergen kommune i samband med kommune- og regionreforma
  • Ruste opp Bergensbanen, slik at reisetida Bergen-Oslo blir konkurransedyktig med fly
  • Etablere fleire kollektiv- og sambruksfelt, og gje bussen prioritet i lyskryss
  • Gje fylkeskommunen ansvaret for drifta av Vossabanen og integrere den i kollektivopplegget i Hordaland
  • Legge til rette for ungdom, og vurdere ungdomskort for ungdomsskuleelevar
  • Legge betre til rette for spontan samkjøring
  • At all offentleg transport skal vere universelt utforma
  • Legge større vekt på miljø og kvalitet i anbodskriteria
  • Bygge meir innfartsparkering ved kollektivknutepunkt i Hordaland, og legge opp til ladepunkter for el-bil og ladbare hybridbiler, samt trygg sykkelparkering ved desse
  • Utvide trolleybusstilbodet og satse på e-bussar
  • Redusere talet på takstsonar for buss i heile Hordaland
  • Redusere biltrafikken i Bergen med 10 % innan 2020
  • Bygge ut Bybanen til alle bydelane i Bergen
  • Ha som mål å utvide ”trygt heim-ordninga”

Veksten i talet på reisande i Bergensregionen, og dei folkerike tettstadene må løysast med kollektivtransport.

Bybanen må vidareutviklast som hjørnesteinen i kollektivsystemet i Bergen. Det er viktig å sikre ei samanhengande utbygging av Bybanen til alle bydelane, og til dei folkerike områda kring Bergen.

I den nære framtida er det likevel bussen som held fram som arbeidshesten i kollektivtransporten, særleg utanfor Bergen. Venstre vil redusere talet på takstsoner, slik at busstilbodet vert enklare å nytte. Det er også viktig at det blir enklast mogleg å nytte kollektivtransport. Derfor vil vi forenkle billettsystemet, mellom anna ved å gje folk høve til å velje mellom månadskort med eller utan nattbuss inkludert.

Trolleybuss, og moglege batteri/hybrid-versjonar er eit godt, utsleppsfritt supplement til ein bybane, og må bli hovudkonseptet for såkalla “E-buss”. E-bussar må utgjere grunnstamma i kollektivnettet der dette vert etablert. Hordaland Venstre er opne for nye og innovative teknologiske løysingar, men vil først og fremst utvikle og gjere dagens løysingar best mogleg. Kontraktar må inngåast for såpass lange periodar at det vert lettare å planlegge for operatørane som får oppdraga.

Venstre vil at all kollektivtransport, både bane, buss, båt og ferjer, skal vere universelt utforma.

Det er viktig å etablere gode kollektivvaner i tidleg alder, Venstre ynskjer difor å legge til rette for ungdom og vurdere ungdomskort også for ungdomsskuleelevar.

For å sikre god framkomst for bussane, vil Venstre ha fleire kollektiv- og sambruksfelt.

Venstre ynskjer at reisande skal ha færrast mogleg overgangar og at rutetrafikk må ha gode ordningar med korrespondanse. Det må òg gjelde for gjennomgangstrafikk som ikkje blir styrt av fylkeskommunen. Fylkeskommunen må gå i dialog med aktuelle selskap om å få til eit meir heilskapleg tilbod.

Venstre er for at kollektivtransporten framleis blir sett ut på anbod, men miljø og kvalitet må bli viktigare i anbodskriteria.

For at det skal bli enklare å bytte frå bil til buss, båt eller bane, vil Venstre ha fleire innfartsparkeringsplassar både i Bergen og i sentrale regionar. Det må òg bli enklare å nytte seg av tilbod som spontan samkøyring.

Å redusere biltrafikken i Bergensområdet er viktig, både for å få ned lokal forureining og utslepp av farlege klimagassar, og for å få bort køane. Vårt mål er å få ned biltrafikken med 10 % innan 2020.

Venstre vil vere ein pådrivar for opprusting av Bergensbanen. Reisetida Bergen – Oslo må bli konkurransedyktig med fly. Ei fornying og opprusting av jernbanen mellom Voss og Bergen må prioriterast.

Ved endring i takstsonar i Hordaland, bør lokaltoget mellom Voss og Bergen verte ein del av kollektivtilbodet i fylket. Det er ein føresetnad at staten gjennom eigarskapet i NSB støtter opp om dette. Strekninga Arna – Bergen sentrum må prioriterast først Det er naudsynt at framtidig planlegging av infrastruktur gir meir samsvar mellom arealplanlegging og kollektivsatsing.

Fram til kommunereforma er gjennomført skal ansvaret for kollektivtransporten framleis ligge hjå fylkeskommunen. Dersom ein gjennomgang av forvaltningsnivåa sine oppgåver i samband med reforma syner at ansvaret for kollektivtrafikken i større grad bør leggast til kommunane, til dømes dei store bykommunane, er det viktig med eit godt samarbeid mellom kommunane. Det er viktig med eit godt samarbeid mellom kommunane om utviklinga av kollektivtilbodet gjennom Skyss. Hordaland Venstre ynskjer ei utgreiing om Skyss bør organiserast meir likt med Ruter – som Oslo kommune og Akershus fylke eig i fellesskap.

Trygge og gode vegar

Venstre vil:

  • Prioritere ferjefri, trafikksikker og effektiv kyststamveg
  • Bygge ut gang- og sykkelvegar i Hordaland
  • Lage ein plan for veglys langs fylkeskommunale skulevegar
  • Arbeide for rassikring, tryggleik og auka standard på fylkesvegane
  • Sikre gode vegsamband austover for å trygge kommunikasjon og unngå vinterstenging
  • Prioritere god tilkomst til regionsentra, avlastingsvegar og vegprosjekt som er svært viktige for næringslivet
  • Sikre tunneler langs fylkeskommunale skulevegar med lys
  • At alle nye vegtrasear i tettbygde strok skal ha gang- og sykkelfelt
  • Jobbe for at Ringveg Aust med innslag sør for Fjøsanger kjem på plass i NTP og vert realisert
  • Sikre kortare reisetid til Bergen og andre regionsentra

Ferjefri kyststamveg er prioritet nummer ein når det kjem til vegbygging i Hordaland. Ein effektiv kyststamveg er det viktigaste og mest omfattande næringspolitiske verkemiddelet for kommunane langs kysten. Venstre vil prioritere reisetid og samfunnsnytte i val av trasear på strekninga.

På andre vegstrekningar vil Venstre arbeide for rassikring, tryggleikstiltak og auka standard. Det er naudsynt å arbeide for gode samband mellom aust og vest som kan sikre god kommunikasjon og unngå vinterstenging så langt råd er. Ved val av trasear på ulike strekningar vil Venstre prioritere reisetid, samfunnsnytte, Co2-utslepp og tilrettelegging for jernbane.

Fylkesvegane i Hordaland må bli sikrare, og det må leggast betre til rette for syklistar og fotgjengarar, mellom anna med betre lystilhøve. Venstre vil ha ein plan for lys langs skulevegar på dei fylkeskommunale vegane. Vi vil og bygge ut gang- og sykkelvegnettet i fylket.

Ringvegar

Venstre vil ha fortgang i arbeidet med å flytte E39 ut av Bergensdalen, og på den måten fjerne gjennomgangstrafikk i allereie pressa område. Vi ynskjer at ein ny Ringveg Aust frå Arna må få innslag sør for Fjøsangerområdet, saman med ei ferdigstilling av Ringveg Vest byggetrinn 3.

I samferdslepolitikken er det òg viktig å sikre god tilkomst til regionsentra i fylket. Kortare reisetid til sentra som Straume, Leirvik, Husnes, Knarvik, Odda, Norheimsund og Voss – vere seg med bil, båt, buss eller tog – er ei prioritert oppgåve.

Vidare ynskjer Venstre fastlandssamband melom Sund og Ytrebygda, og på sikt eit tverrsamband mellom Øygarden og Nordhordland.

Båt- og ferjetransport

Venstre vil:

  • Ha meir elektrifisering av ferjemateriell der det er mogleg
  • Legge større vekt på miljø og kvalitet i anbodskriteria for både hurtigbåt og ferjer
  • Flytte godshamna frå Bergen sentrum
  • Ha mål om nullutslepp frå hurtigbåtar og ferjer

Venstre vil ha gode ferjesamband i Hordaland. Eit effektivt ferjetilbod der det er naudsynt, er både god næringspolitikk og god miljøpolitikk. Vi vil halde fram arbeidet med å redusere 6 utsleppa frå sjøtransporten, og vil auke støtta til pilotprosjekt som til dømes elektrifisering av ferjemateriell. I krava til driftsselskapa må det leggast større vekt på auka krav til reduksjon av utslepp.

Eit effektivt transportsystem på sjø vil redusere biltrafikken. Hurtigbåtane skal fungere som vanlege bussar, spesielt for arbeidsreiser, kor ein nyttar same billettar/kort og med korresponderande bussar på land. Venstre vil difor arbeide for fleire avgangar og vurdere fleire ruter.

Venstre har som overordna mål at meir gods må over på bane og sjø. Ei av dei største utfordringar innan transport i åra framover er å sikre ei ny og effektiv hamn i Bergensområdet. Venstre meiner derfor at det er naudsynt å etablere ei ny godshamn som sikrar at hamna kan flyttast ut av Bergen sentrum.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**