Valprogram 2015 – Skule og opplæring

Fokus på elevane sine ynskje, evner og behov

Kjernen i den liberale ideologien er fridom til personleg utvikling. Kjelda til den positive fridomen finn ein i utdanninga – det er gjennom skulen at samfunnet gjer dei kommande generasjonane i stand til å ta ansvar for sine eigne liv, for sine medmenneske og for verda ikring dei. Venstre vil ha ein skule der den einskilde eleven får oppfylt sine ynskje, utvikle sine evner og dekke sine behov.

Vidaregåande skule

Venstre vil:

  • Redusere fråfallet i skulen
  • Gje lærarane meir tid til undervisning gjennom reduserte krav til rapportering og med å fjerne kravet om anonyme prøver
  • Auke satsinga på internasjonalisering for elevar i den vidaregåande skulen
  • Arbeide for at fleire friskular deltek i opptakssystemet VIGO
  • Utvikle pilotprosjekt for nynorsk formidling i vidaregåande skule
  • Oppretthalde Manger folkehøgskule som eit senter for korpsmusikk
  • Ha nært samarbeid med næringslivet for å legge til rette for liner tilpassa næringslivet sine behov
  • Gje høve til eksamen om sommaren, og for dei som ikkje tek sommarskule
  • Vurdere elev- og lærlingombod i samband med evaluering av eksisterande tiltak som er sett i verk for redusert fråfall og auka gjennomføring i vidaregåande skule
  • Fagskulane må vidareutviklast, i nært samarbeid med vidaregåande- og høgskular
  • Politikarane si rolle er å setje skulane og lærarane i stand til å gjere jobben sin på ein best mogleg måte. Me legg difor til grunn at størst mogleg fridom innanfor eit heilskapleg rammeverk gjennom lovverk og læreplanar er løysinga på utfordringane den vidaregåande skulen står overfor.

Venstre vil gjennomføre dette i praksis ved å auke handlefridomen i skulen. Ordninga med fritt skuleval for elevane må halde fram. Slik sikrar me både valfridom for den einskilde, og ei god geografisk spreiing av skular i fylket. Friskular er eit tilbod for dei få, så lenge det ikkje er mange nok av dei å velje mellom, og Venstre er positiv til at det vert etablert friskular i Hordaland.

Om skular ynskjer prøveprosjekt med toppklassar, må dei få høve til det. Alle læremiddel skal ligge føre på nynorsk og bokmål til same tid.

Fråfall i vidaregåande skule

Venstre vil:

  • Styrke rådgjevarane sin kompetanse og rolle overfor elevar som treng rådgiving om val av studieretning.
  • Betre opplysning om alternative vegar til fagbrev
  • Prøve ut ordning for elever med særskilde utfordringar som har mista retten til vidaregåande opplæring.
  • Ha ei prøveordning der fylkeskommunen overtek ansvar for skulehelsetenesta i den vidaregåande skulen.

Fråfall i den vidaregåande skulen er ei stor utfordring for samfunnet. Allereie på ungdomsskulenivå kan effektive tiltak setjast i gong for å hindre fråfall i den vidaregåande skulen. Samarbeid mellom fylkeskommunen og kommunane er naudsynt for å hindre fråfallet. Informasjonsutvekslinga må betrast samtidig som personvernet til elevane vert tatt vare på.

Venstre vil og tilby gratis leksehjelp/ekstraundervisning til dei som treng det.

Venstre vil setje strengare krav til rådgjevarane sin kompetanse ved at rådgjevarane skal ha ei heilskapleg forståing for samanhengen mellom elevane sine føresetnader, skulane sine tilbod og kva næringslivet treng.

Yrkesfag

Venstre vil:

  • Styrke samarbeidet med det lokale næringslivet om arbeidstrening og elevverksemder
  • Betre opplysning om alternative vegar til fagbrev
  • Jobbe for at alle lærlingar får læreplass
  • Ha oppfølging og god kontakt mellom skulen og lærlingane
  • Auke satsinga på opplæringskontor
  • Styrke og utvide ordninga med lærekandidatar
  • Gjere det enklare å starte direkte i lære etter grunnskole, kombinert med faglig oppfølging (vekslingsmodellen)
  • Ha auka satsing på marknadsføring av yrkesfaga
  • Arbeide for å modernisere utstyret nytta i opplæringa på skulane

Dei yrkesfaglege studieretningane i den vidaregåande skulen er det viktigaste satsingsområdet for Venstre i denne perioden. Yrkesfag representerer ei av dei viktigaste kjeldene til næringsutvikling og nyskaping på Vestlandet, samstundes som utfordringar knytte til fråfall er størst i denne delen av opplæringa.

Venstre vil auke fokuset på arbeidstrening og nyetablering ved å styrke samarbeidet med det lokale næringslivet og satse vidare på elevverksemder og gründerkurs.

Elevar på yrkesfag må få høve til ei meir fleksibel læretid, både med omsyn til korleis læretida vert lagt opp, og når det gjeld tidspunkt. Det må sikrast at alle elevar får lærlingplass, og oppfølginga av den einskilde lærling må bli betre.

Studieførebuande opplæring

Venstre vil:

  • Styrke samarbeidet mellom skulane og dei høgare utdanningsinstitusjonane
  • Auke fokuset på entreprenørskap og nyetablering i skulen
  • Betre studierådgjevinga

Den studieførebuande opplæringa i Hordaland kan styrkast gjennom betre samarbeid med dei høgare utdanningsinstitusjonane i fylket. Venstre vil gjere det enklare for skulane å gjere bruk av kompetanse frå universitetet og høgskular, til dømes gjennom å gje skuleelevar høve til å følgje undervisning på høgare nivå.

Studierådgjevinga må bli betre, og ha meir kontakt med utdanningsinstitusjonane og næringslivet. I tillegg er det viktig med eit større fokus på entreprenørskap og nyetablering, og med det å sikre at elevane er medvitne om korleis dei skal omsetje kunnskap til praktisk nytte og eiga utvikling.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**