Valprogram 2015 – Næring og kultur

Eit nyskapande Hordaland

Vår tid er prega av teknologiske endringar som skjer hurtigare enn nokon gong tidlegare. Difor er eit nyskapande, omstillingsvillig næringsliv ein føresetnad for å sikre arbeidsplassar og velferd i framtida. Det offentlege si rolle er å legge til rette for utvikling av eksisterande bedrifter og stimulere til at nye bedrifter vert skapt. For å lukkast meislar det offentlege saman med næringslivet ut overordna strategiar for næringsutvikling. Hordaland fylkeskommune har her ei viktig rolle som regional drivkraft, og støttespelar for kommunane.

Næringsutvikling

Venstre vil:

  • Styrke satsing på Ungt Entreprenørskap i vidaregåande skule
  • Følgje opp nystarta verksemder med internasjonalt vekstpotensial
  • Styrke samspelet mellom FoU-institusjonar og næringslivet, for endå betre å imøtekome behova til næringslivet
  • Legge til rette for innovasjon i etablerte næringar som allereie har gode føresetnader for vekst og utvikling
  • Bidra til klyngeutvikling og utvikling av nye, innovative næringsmiljø med vekstpotensiale
  • Prioritere næringsretta verkemiddel til regionale sentre
  • Dimensjonere utdanningstilbodet i den vidaregåande skulen meir i samsvar med næringslivet sine behov
  • Stille krav om lærlingar i anbodsprosessar
  • Halde fram satsinga på inkubatorar og næringshagar
  • Vidareføre arbeidet med lokalmat og Hordaland som matkultur region
  • Bidra til å legge til rette for utbygging av fiber i Hordaland
  • Legge til rette for utvikling av ny lukka teknologi innan fiskeoppdrett gjennom å prioritere konsesjonar til oppdrett i lukka einingar på land eller i sjø

Venstre vil at Hordaland skal bli leiande på næringsutvikling i Noreg, og vil føre ein politikk som fremjar nyskaping og gründerskap. Her er Ungt Entreprenørskap i skulen særleg viktig. Ein vesentleg del av elevar med utdanning i entreprenørskap startar eiga verksemd.

Ein god næringspolitikk er avhengig av ein god politikk for kunnskapsutvikling, forsking og nyetablering. For å få dette til må fylkeskommunen ha eit godt samarbeid med høgare utdannings- og forskingsinstitusjonar i fylket. Reiselivssektoren har lange tradisjonar i Hordaland, og står for ein viktig del av verdiskapinga. Venstre vil stø opp om NCEsatsinga, vidareutviklinga av destinasjonsselskap, og arbeide for betre kompetanse i sektoren.

Venstre vil og støtte opp om arbeidet med å gjere Hordaland til eit internasjonalt kraftsenter for marin kompetanse.

Venstre meiner oppdrettsnæringa må bli meir berekraftig og samstundes oppretthalde sin posisjon som ein viktig og konkurransedyktig del av næringslivet i Hordaland. Det må stillast strengare krav til reduksjon av lakselus og rømming av fisk, og satsast meir på forsking og utvikling i oppdrettsnæringa. Slik sikrar ein både levekåra for villaksen og sjøauren, og oppdrettsnæringa.

Landbruk

Venstre vil:

  • Ta i bruk meir av grovfôrressursane i inn- og utmark

Hordaland Venstre ser det som viktig å sikre ein trygg og stabil matproduksjon i Hordaland.

Venstre ynskjer ein meir urban matproduksjon, og at dette blir ein del av mat – og landbruksstrategien til fylket. Areal i tettbygde strøk kan i mykje større grad nyttast til matproduksjon og må takast høgde for ved nyutvikling og utbygging. Det offentlege si hovudoppgåve vil vere stønadsordningar og haldningsskapande arbeid. Lokal produksjon av mat er positivt for både det fysiske og sosiale miljø. Parsellhagar, plenar, rivingstomtar og tak er døme på område som kan nyttast til lokale areal for dyrking.

Landbruket i Hordaland må ta sin del av ansvaret for ei berekraftig utvikling. Venstre ynskjer å oppmuntre i aukande grad til økologisk jordbruk, og til utsleppsreduksjon i jordbrukssektoren. Landbruket utgjer ein viktig del av løysinga på klima- og energisida, og det er bruk for ei teknologiutvikling som fremjar rein energi og binding av klimagassar. Landbruk er svært viktig for busetnad, matforsyning, kulturlandskap, og er ei viktig næring i mange kommunar i Hordaland.

Gardsstrukturen på Vestlandet er slik at det er naudsynt med nytenking og nye idear for at landbruket skal overleve som ei dynamisk næring.

Hordaland Venstre vil verne om matjorda og ynskjer ei streng praktisering av jordvernet. Hordaland Venstre vil jobbe for at det blir enklare å produsere og omsette lokalprodusert mat.

Venstre vil legge til rette for meir nisjeproduksjon og ein breiare og meir variert landbrukssektor som legg større vekt på kultur, kulturlandskap, turisme og opplevingar knytte til god mat og drikke.

Venstre bør ha som mål at Noreg skal ha eit sterkt fokus på dyrevelferd. Det bør stillast krav til menneske som har dyr i si varetekt, om at dei har kunnskap om dyra sine åtferdsbehov og krav til ernæring, sosialt og fysisk miljø. Dyr skal haldast i miljø som gir god livskvalitet, og funksjonsfriske dyr skal vere ein føresetnad for alle typar avl. Dyr har ein eigenverdi, og handtering av dyr skal skje med omsorg og respekt for dyra sin eigenart.

Kultur

Kultur har eigenverdi og stor opplevingsverdi for det einskilde mennesket, og er svært viktig for samfunnsidentitet og historiemedvit. Dette må takast omsyn til ved planlegging av bumiljø og vern av naturmiljø. Eit blomstrande kulturliv gir dessutan positiv effekt for næringslivet, og kulturbasert næringsliv er eit viktig satsingsområde i Hordaland.

Venstre vil:

  • Styrke satsinga på produksjons- og formidlingsmiljø for film på Vestlandet
  • Legge til rette for verdiskaping knytt til kulturminner
  • Vidareføre arbeidet med lokale kulturminneplanar i samarbeid med kommunane
  • Utvikle attraksjonar knytt til viktige kulturhistoriske landskap i Hordaland
  • Arbeide for å styrke fokuset på arkitektur i by- og tettstadutvikling
  • Utvikle samarbeid mellom kulturlivet, FoU og Media City Bergen
  • Auke andelen nynorskproduksjonar i Den kulturelle skulesekken, og den kulturelle spaserstokken
  • Styrke Hordaland Teater som nynorskarena og kunstinstitusjon
  • Styrke satsinga på frivillige kulturaktørar
  • Styrke musea andsynes drift og investering, og arbeide for etablering av museum Nordhordland
  • Etablere verdsarvsenter på Bryggen
  • Vidareføre satsinga på Hardingfelesenter i Hardanger
  • Vidareutvikle biblioteka som møtestader for menneske med ulik kulturell- og sosial bakgrunn
  • Arbeide for å styrke satsinga på kystkultur og fartøyvern

Venstre byggjer kulturpolitikken på toleranse og mangfald, og tek utgangspunkt i den eigenverdi kulturen har for den einskilde og samfunnet. Samstundes legg kultur og grunnlaget for mykje nærings- og distriktsutvikling i Hordaland.

Venstre vil arbeide for ei langsiktig kultursatsing i samarbeid med kommunane og kunstog kulturinstitusjonane. Hordaland er eit kulturelt tyngdepunkt i nasjonal og internasjonal samanheng, mykje på grunn av Bergen by. For Venstre er det viktig at fylkeskommunen tek aktivt del i vidareutviklinga av kulturbyen Bergen. Vidare må fylkeskommunen prioritera utvikling av attraksjonar, festivalar og kulturbasert næringsutvikling i heile fylket. Dessutan er kulturminnevern og formidling av kulturminner svært viktig.

Kulturformidling til born og unge er eit satsingsområde for Venstre, og den kulturelle skulesekken er ei viktig verkemiddel. Slik formidling av kulturopplevingar i samarbeid med lokale og regionale kunst- og kulturoperatørar bør utviklast vidare. Musea er viktige for å ta vare på og formidle fortida og må difor styrkast.

For å sikre uavhengige og godt finansierte kulturinstitusjonar også i framtida, må fylkeskommunen legge betre til rette for at institusjonane kan utvikle andre finansieringskjelder, som til dømes private bidrag.

Idrett og friluftsliv

Venstre vil:

  • Tilrettelegge minst eitt universelt utforma friluftsområde i kvar kommune
  • Sikre og støtte tilrettelegging av friluftsområde i nærleiken av bustadområda i tettstadar og byar
  • Satse på prosjekt for merking og gradering av turløyper
  • Støtte anlegg som oppmodar til auka aktivitet hjå barn og unge
  • Tilrettelegge for meir fysisk aktivitet i den vidaregåande skulen
  • Vidareføre det gode samarbeidet med fylket sine to friluftsråd
  • Vidareføre ordninga med partnarskap for Folkehelse

Hordalandsnaturen gjev gode høve til friluftsliv og naturopplevingar. Friluftsliv er ei god kjelde til trivsel og folkehelse. Venstre meiner det er viktig å sikre at alle, inkludert menneske med funksjonshemmingar, lettare kan komme seg ut i naturen. Me vil støtte idretten mellom anna ved å satse på gode anlegg.

Det er ein utfordring vri satsinga frå å reparere/behandle til å førebygge og styrke helsefremjande tiltak. I mange tilfelle er det tale om «friske folk» som det vert sett inn tiltak mot. Fysisk aktivitet har ein positiv effekt på folkehelsa, anten det er gjennom idrettsaktivitet eller som aktivitet i friluftslivet.

Lågterskeltilbod gjev god effekt for dei som har ei utfordring med å halde seg fysisk aktive. Det er særs viktig å støtte opp om tilbod med liten eller ingen terskel for deltaking.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**