Valprogram 2015 – Fylkeskommunen – meir makt til borgarane

Hordaland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Hordalandssamfunnet ved å tilby vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vegsamband og tilrettelegging for verdiskaping, næringsutvikling, fritidsopplevingar og kultur er andre viktige oppgåver.

Hordaland fylkeskommune tek seg av oppgåver som er for store til at kommunane kan klare dei åleine, eller saker som går på tvers av kommunane. Fylkeskommunen har i kommande periode mellom anna store utfordringar innan næringsutvikling, prioritering og gjennomføring av veg- og jernbaneutbygging, betre kollektivtilbod, tiltak for betre klima og miljø og tiltak for at fleire skal fullføre vidaregåande skule.

Ein Vestlandsregion

Venstre vil:

  • Arbeide for endring i fordeling av skatteinntekter, slik at ein større del går til det regionale og kommunale nivået, der staten får ein tilsvarande reduksjon
  • Gje den nye regionen heilskapleg politisk, fagleg og finansielt ansvar for oppgåver som i dag ligg til statleg nivå
  • Bidra til at ei nasjonal regionreform vert gjennomført på Vestlandet, der Hordaland blir del av ein større Vestlandsregion

Venstre meiner at fylkeskommunane skal erstattast av eit nytt folkevald regionalt nivå med færre, større og sterkare regionar. Sterke regionar må ha politisk makt og økonomiske ressursar. Regionane skal vere eit sjølvstendig og fullverdig forvaltningsnivå, slik kommunane er det på lokalt nivå. Kva konkrete oppgåver ein ny region skal ha, må sjåast i samanheng med ny kommunestruktur, og all mynde og forvaltningsoppgåver må vere gjenstand for diskusjon. Makt må kunne flyttast frå staten til regionane; makt frå dagens fylker må kunne flyttast til kommunenivå.

Ein framtidig Vestlandsregion må ha omfang og storleik som er funksjonell i forhold til dei oppgåvene som skal løysast, og slik at innbyggarane kan identifisere seg med og ha eigarskap til regionen.

Ein viktig føresetnad for meir lokalt sjølvstyre er god finansiering. Venstre vil arbeide for at ein større del av dei samla skatteinntektene går til det regionale nivået og kommunane. Ei særskilt målsetting med regionreforma må vere å knyte Stavangerregionen og Bergensregionen tettare saman.

Forenkling og fornying

Venstre vil:

  • Ta initiativ til eit fornyingsprosjekt som har som mål å redusere og forenkle byråkratiske kontrollsystem
  • Vidareføre arbeidet med å ta i bruk og vidareutvikle digitale løysingar innanfor opplæringssektoren og i kollektivtilbodet

Offentleg sektor treng kontinuerleg fornying for å gje tidsriktige tenestetilbod. Tida som går med til administrasjon og byråkrati må avgrensast, slik at direkte aktivitet som kjem innbyggarane til gode får størst mogleg plass. Samstundes må ein sikre at dei som ikkje nyttar digital kommunikasjon får informasjon og tenester på ein enkel måte.

Papirbaserte løysingar skal veljast aktivt.

Internasjonalt samarbeid

Hordaland Venstre vil at fylket skal vidareføre europeisk og internasjonalt samarbeid og nettverksdeltaking, når dette styrker dei fylkeskommunale ansvarsområda. Både innan samferdsel, opplæring, kultur og helse kan europeiske samarbeidsprogram gje oss nyttige verkty for å løyse utfordringar på ein betre måte enn om vi skulle handle åleine.

Høve til utveksling innan opplæring, særskilt innan område der Hordaland er unik, må utvidast og styrkast. Prosjekt- og EØS-midlar må utnyttast strategisk og Hordaland Venstre vil jobbe for dette i fylket sin internasjonale strategi. Det skjer mykje innovasjon og utvikling i Europa, til dømes innan samferdselssektoren, som kan vere svært viktig for fylket og Vestlandet å vere orientert om og involvert i. Nettverkssamarbeid på slike områder vert viktig.

Eit godt samarbeid mellom fylkeskommunen og Vest-Norges Brüsselkontor er viktig.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**