Barnehage og skule

Suldal Venstre vil:

  • styrkja samarbeidet mellom heim/barnehage/skule og andre etatar og organisasjonar som rettar seg mot born
  • stimulera til eit fruktbart samarbeid mellom dei ulike skulane i Suldal og mellom ungdomsskulane og den vidaregåande skulen
  • arbeida for at ungdomsskulen og den vidaregåande skulen har fokus på entreprenørskap
  • arbeida for nye liner ved vidaregåande skule basert på det kultur- og idretts-tilbodet Suldal har føresetnader for
  • at det framleis skal satsast på gode ordningar for vidareutdanning av pedagogisk personale
  • ha fokus på rekruttering av fagpersonale i barnehage og skule
  • setja av nok midlar til å vedlikehalda skule- og barnehagebygga
  • arbeida for å sikra fysisk aktivitet i skulen
  • arbeida for at skulane har nok ressursar slik at elevar som slit får nok hjelp
  • arbeida for å sikra at det gode og viktige arbeidet ved Gullingen leirskule held fram
**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**