Venstre berga Bioforsk i Fjaler

Foto: Sfj Venstre

Venstre har fått gjennomslag for å berge Bioforsk sin forskingstasjon på Fureneset.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**

– Eg er enormt glad for dette, og sender ei stor takk til stortingsrepresentant Pål Farstad som har forhandla på vegne av Venstre, seier Gunhild Berge Stang. Ho er fylkesleiar i Venstre og Fjaler Venstre sin andrekandidat i kommunevalet.

Forskingstasjonen er viktig for å styrke vestnorsk landbruk og det er ein viktig arbeidsplass i Fjaler. Det har blitt vurdert å både legge stasjen heilt og delvis ned.

– Det har vore eit breitt engasjement frå lokale politikarar frå alle parti i saka. At saka er så godt forankra var til god hjelp for Venstre i forhandlingane, seier Berge Stang.

 

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**