Ta grøne val

Klimaendringane krev handling nå og må stå øvst på agendaen for å sikra framtida til kloden. Flaumar og ekstremvêr minnar oss om at klimaendringane er reelle – òg i Sauda. Sauda Venstre vil arbeida for at kommunen er klar for å takla framtidas klima.

Me vil skapa eit attraktivt og grønt sentrum kor folk trivst, og me vil nytta oss av klimasmart arealplanlegging. Dette er viktig for å kutta lokale utslepp.


 

Klima

Klimaendringar er vår tids største utfordring. Millionar av menneske er allereie klimaflyktningar. Kvart tiande minutt blir ein art utrydda, medan polane krympar i rekordfart. I 88 prosent av havet finn ein mikroplast. Sikten i Sauda er redusert med 30 prosent sidan 1990-talet på grunn av luftureining.

Forureininga skjer globalt, men me kan alle bidra med å ta grøne val. Om alle nordmenn eksempelvis kuttar ut kjøtmiddagen ein dag i veka, svarar det til over 200 000 færre bilar på vegane kvart år i klimarekneskapet. Kommunen bør setta eit godt eksempel i miljøpolitikken.

Venstre vil:

  • dimensjonera nye vegar og avløp for å takla framtidige klimaendringar
  • oppmoda til å bruka grøne tak som eit verkemiddel for klimatilpassing
  • jobba for fleire Miljøfyrtårn i kommunen
  • ikkje tillata drenering av myr eller uttak av torv av klimaomsyn
  • innføra årleg klima- og miljø-rekneskap for kommunen
  • handsama klimaplanen saman med økonomiplanen

 

Slik vil Sauda sentrum sjå ut ved ein 200-årsflaum i følgje NVE. Nordelva vil gå langt over sine breidder og flauma over gater og 1. etasje i sentrum.
Slik vil Sauda sentrum sjå ut ved ein 200-årsflaum i følgje NVE. Nordelva vil gå langt over sine breidder og flauma over gater og første etasje i sentrum.

 


 

Grøn energi

For å skapa ein miljøvenleg kommune der folk har rein luft og god livskvalitet, trengst meir grøn energi og effektiv utnytting av krafta.

Venstre vil:

  • vera positive til å utnytta meir av fjernvarmen frå smelteverket
  • at kommunen i større grad skal nytta alternative oppvarmingskjelder, òg i nye byggefelt og kommunale nybygg
  • legga til rette for at fleire private kan nytta alternative energikjelder
  • at kommunen skal laga ein energispareplan
  • byta ut gatelysa med energisparande lyskjelder
Blå flamme

Avfall, renovasjon og forsøpling

God og klimavenleg handtering av avfall er ein føresetnad for ein grøn, rein og attraktiv kommune.

Venstre vil:

  • bli medlem i Grønt Punkt og nytta medlemskap som krav i offentlege innkjøp
  • setja mål om å gjenbruka minst 80 prosent av alt material i kommunen
  • ha målsetting om 100 prosent innsamling av farleg avfall og EE-avfall
  • arbeida for at mindre mat blir kasta i kommunen
  • ha årleg ryddeaksjon i Sauda
Matsvinn

Sentrumsutvikling og arealpolitikk

Sauda Venstre har ein visjon om eit bilfritt sentrum med grøne lunger og gågater. God arealplanlegging kan blåsa nytt liv i sentrum.

Venstre vil:

  • sjå på moglegheita for gågater og grøntområde som verkemiddel for å redusera biltrafikk i sentrum
  • stilla høgare krav til estetikk og arkitektur for byggeprosjekt i kommunen
  • ikkje legga opp til nye utbyggingsområde som krev ny kommunal, teknisk infrastruktur
  • vera svært restriktive til nedbygging av dyrka og dyrkbar jord
  • vurdera parkeringsrestriksjonar i sentrum for at folk skal bytta bilen med buss, gange eller sykkel og slik skapa eit trygt, levande og menneskevenleg bybilde
  • ha tilbake farge, blomar og planter på Rådhusplassen
  • planta trer langs sørsida av kyrkjegardsmuren
Sauda - Grønt sentrum-01

Samferdsle

Om folk flest skal ta grøne val i kvardagen, må det vera eit reellt alternativ til bilen. Mange vel sykkel eller gange i dag, men endå fleire vil gjera det om det svarar seg økonomisk, ikkje berre for helsa og miljøet.

Tunnel til Etne vil bidra til å binda regionen vår saman, og kan vera eit stort steg på vegen mot befolkningsauke og ny vekst i kommunen.

Venstre vil:

  • arbeida for å realisera Etne-vegen
    oppretthalda tilbodet til hurtigbåten med pendlarruta Sauda-Sand
  • byggja fleire sykkelvegar og sykkelskur, samt rusta opp haldeplassar
  • oppmoda arbeidsgjevarar til å premiera folk som går eller syklar til jobb
  • skifta ut kommunale bensin- og dieselbilar med hybrid- og elbilar
  • legga til rette for meir gange og sykling
  • vurdera høvet for å bytta ut delar av bilparken med syklar og el-syklar i Sauda kommune
  • forlanga at Kolumbus har oppdaterte rutetabellar på alle haldeplassar
  • etablera ein samanhengande fjordpromenade frå sentrum i Saudasjøen til sentrum i Sauda
Westamaran

Dyrevelferd

Det viser seg stadig at omsynet til dyrs velferd blir sett til side i mange næringar. Verst ut kjem pelsdyrnæringa og sirkusnæringa. Kommunen bør setja ein etisk standard for handsaming av dyr.

Venstre vil:

  • vektlegga omsynet til dyre-velferd høgt
Sauer på Radøy

Naturvern

Fridomen til å bevega seg i stille og urørt natur har ingen pris i kroner og øre. Inngrep i Saudas resterande urørte natur bør såleis ha svært gode grunnar.

Venstre vil:

  • verna om urørt natur i kommunen
  • legga sterkare restriksjonar på bygging av skogsvegar
  • vektlegga stille natur ved å vera restriktiv til motorferdsel i fjell og utmark
  • verna om biologisk mangfald og ikkje gi tilskot til planting av øydeleggjande treslag
  • sikra at hytteutbygging tar omsyn til miljø, kulturhistorie og tradisjonelt friluftsliv
Friluftsliv

 

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**