som mitt lokallag og vis relevante nyheter på forsiden
som mitt lokallag
Eit levande kulturliv
Eit levande kulturliv
Eit levande kulturliv gir folk i alle aldrar betre livskvalitet og stimulerer til nysgjerrigheit, kreativitet og mangfald. Støtta til kultur og idrett må både sikra dei gode talenta og den store breidda.
Venstre vil:
jobba for at Folkets Hus blir realisert som kulturhus
framheva Sauda sin unike arkitektur
setja den unike kulturarven i Sauda i ein større europeisk samanheng gjennom organisasjonen ERIH
ha utarbeidd ein kulturminneplan
bevara Åbøbyen som det flotte kulturmiljøet det er
styrka bevisstheita rundt lokale kulturminne hjå innbyggarane, gjennom blant anna å styrka samarbeidet mellom skule, historielag, fagpersonar og kulturetaten
at kommunen i samråd med foreiningar og historielag lagar lett tilgjengeleg informasjon til innbyggarane om kommunen sine kulturminne
at Sauda kommune skal vera med å bidra med støtte til frivillige lag og foreiningar
at idrettslag for barn og unge ikkje skal betala leige for kommunale idrettsanlegg
arbeida for at aktivitetsstøtta til idrettslaga skal oppretthaldast på dagens nivå
arbeida for etablering av livssynsnøytralt seremonirom
arbeida for å rusta opp tennisbanen
Språk
Sauda har, med omfattande nynorsk kulturarv, eit ansvar for å støtta opp om språket når riksmedia har resignert. For å sikra at elevar er trygge på språket sitt gjennom skuleløpet må kommunen vera konsekvent i språkbruken. Nynorskelevar har vist seg å oppnå betre språkforståing, og gjer det såleis betre enn bokmålselevar i andre fag generelt og språkfag spesielt. Den høge nynorskandelen i Sauda bidrar til eit høgt nivå på utdanninga, og må styrkast for å utdanna endå fleire språkleg sterke elevar.
Venstre vil:
innføra nynorsk som administrasjonsspråk i kommunen
at eventuell kommunesamanslåing skal resultera i ein sterk nynorskkommune
at språkopplæringa for innvandrarar skal vera på nynorsk
**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**
Sist redigert
Bli med på laget
Venstre bygger på aktive og engasjerte frivillige. Sammen kan vi skape ei grønn framtid med frihet og muligheter for alle. Bli med og ta Norge framover!
Hjelp oss å fylle opp valgkampkassa – hvert bidrag, stort eller lite, gjør en forskjell for et parti som står på egne ben uten støtte fra store organisasjoner. Vipps til Venstre: #10224