Ein sunn økonomi

I dei kommande åra vil økonomien, både nasjonalt og lokalt, møta store utfordringar. Befolkninga vår blir eldre, oljeinntekter blir redusert og klimautgifter aukar. Venstre vil føra ein sunn økonomisk politikk som sikrar at kommunen er klar når dei verkelege ”regnvêrsdagane” kjem.

Når pensjonsutbetalingane legg beslag på ein stadig større del av dei tilgjengelege økonomiske ressursane, blir det mindre å fordela til andre prioriterte område. Veksten i pensjonskostnadane må derfor bremsast slik at ikkje viktigare velferdsoppgåver blir skadelidande.

Eit positivt driftsresultat nyttar lite om vedlikehaldsetterslepet aukar. Kommunal eigedom som gror igjen får redusert verdi og treng dyre skippertak. Derfor hjelper det lite å kutta i teknisk eining for å gå i pluss økonomisk.

Venstre vil:

  • arbeida for betre vedlikehald av den kommunale bygningsmassen
  • arbeida for eit positivt driftsresultat på tre prosent eller meir kvart år
 (Foto: Dreamstime.com)

 


Næring

Sauda Venstre vil legga til rette for eit nyskapande næringsliv som skapar nye verdiar og grøn vekst. Ein offensiv næringspolitikk kan gi befolkningsauke og eit meir levande lokalsamfunn.

Venstre vil:

  • støtta arbeid for næringshage i Sauda
    jobba interkommunalt for ei trainee-ordning, slik at nyutdanna kjem tilbake til Sauda
  • arbeida for fleire stadsuavhengige arbeidsplassar til Sauda
  • jobba for å gi gründerar betre tilgang på risikovillig kapital
  • arbeida for fleire læreplassar, spesielt ved offentlege anbod
  • styrka samarbeidet mellom utdanningsinstitusjonar og lokalt næringsliv
  • gå imot søndagsopne butikkar
  • sjå etter område som kan vera egna for å ta på seg større interkommunale oppgåver og dermed sikra fleire arbeidsplasser i bygda
Fabrikken i Sauda

 

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**