Venstremøte i Iveland: Den åpne samtalen viktig

– Det viktigaste i møtet var å høyre korleis politikk som idé blir til røyndom i Stortinget, og at det faktisk også har med min eigen kvardag på gjere, seier Ole Morten Vegusdal, som står på Venstres liste til kommunevalet i Birkenes i haust. Han og andre listekandidatar fra Froland, Iveland og Vennesla møtte stortingsrepresentant Pål Farstad på Kafé Åkle i Iveland sist veke, saman med fylkesleiarr Torunn Sandvand og fylkestingskandidat Jan Kløvstad.

Stortingsrepresentant Pål Farstad var på gardsbesøk hos bonde og andrekandidat Ole Albert Mykland i Iveland for å få innspel til praktisk landbrukspolitikk i forhandlingane på Stortinget. Farstad lova å ta med innspela både om produksjon, tilskotsordningar, virkemiddelapparatet og distriktspolitiske omsyn inn i næringskomiteen på Stortinget.

– For oss er det verdfullt å kunne møte dei som sit sentralt på Stortinget og kunne legge fram sysnpunkta våre, seier den erfarne kommunepolitikaren Odd Håvard Dahle i Iveland, som stilløer som toppkandidat for sin fjerde periode i kommunestyret i Iveland. Dahle var vertskap for møtet for dei fremste listekandidatane i Iveland og nabokommunane. Deltakarane tok opp landbrukspolitikken, samferdsle med satsing på jernbane, lokalisering av hovudkontor for nytt vegselskap, ein takk til venstres stortingsgruppe for godt samarbeid med KrFs Kjell Ingolf Ropstad om fengsel i Agder, sentrumsutybygging i landkommunane, samarbeid mellom kommunane i indre Agder og Venstres langsiktige arbeid for betre kår for gründarar både i etanleringsfasen og med pensjonsordningar.

—–

Møte med Pål Farstad i Iveeland 28. mai.
Møte med Pål Farstad i Iveeland 28. mai.

På bildet: Frå venstre Teresa Hageland, Birkenes, Astrid Frigstad, Hægeland, fylkesleiar Torunn Sandvand, Rune Bøhn, Vennesla med førstekandidat Kenneth Stømne i Froland ståande bak, stortingsrepresentant Pål Farstad, lokallagsleiar Anne Grete Johnson Lieng, Froland, Ole Albert Mykland og Gunvald Berås, Iveland, Ole Morten Vegusdal, Birkenes og vertskapet Odd Håvard Dahle, Iveland.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**