Toppkandidatsamling på Skei

Foto: Sfj Venstre

Laurdag 30. mai samla Sogn og Fjordane Venstre toppkandidatane i fylket til dagsseminar. Ein effektiv dag med eit program som styrka kandidatane i valkamparbeidet framover.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**

Agendaen for dagen:

Mål, og strategi for fylkesvalkampen. Spørsmål og diskusjon

Ved Gunhild Berge Stang, førstekandidat og fylkesleiar

 

Å gjere ein god figur i media

Ved Anne Mette Hjelle, kommunikasjonsdirektør i Lotteri- og stiftelsestilsynet, tidlegare NRK-journalist

 

Korleis gjer Venstres nasjonale hovudsaker til praktisk lokalpolitikk?

Ved Alfred Bjørlo, ordførar og sentralstyremedlem

 

Korleis nå veljarar med sosiale medier?

Ved Karl Arthur Giverholt, kommunikasjonsrådgjevar på Stortinget

 

Tale- og debattrening

 

– Fylkeslaget vil hjelpe og støtte dei som har stilt opp som toppkandidatar i kommunane, og forventar å sjå flest mogleg av gjengen med ordførarklubbe og -kjede før året er omme. Sogn og Fjordane Venstre takkar alle som deltok, og ser fram til ein aktiv og god valkamp for toppkandidatane, seier fylkesleiar og fylkesordførarkandidat Gunhild Berge Stang.

 

 

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**