Tysdag 26.5 startar den politiske handsaminga om framtidig politisk organisering i Ål. Då skal alle sektorutvala behandle saka, med sluttbehandling i kommunestyret i junimøtet.
Vil kommunestyret bli meir vitalt dersom vi kutter alle utval og behandlar alle saken gjennom formannskap og kommunestyre? Eller vil det føre til at vi må delegere meir til administrasjonen, og med det svekke folkestyret?
Er sektorpolitikarane i stand til å tenkje heilskapeleg, og er vi skodd for nye tider i kommunesektoren slik vi er organisert idag?
Skal økonomi spele inn for korleis vi gjer det på dette området og?
Og er dette rette tidspunktet for denne debatten midt i kommunereformen, slik eldrerådet i Ål stilte spørsmål ved i sist møte?
Dette er nokre av mange spørsmål vi må ta stilling til. Ål venstre har gruppemøte 2. Pinsedag kl. 20.00 i BUP sine lokaler i kjellaren på Ålingen kjøpesenter. Blir du med og tek debatten?