Sikra arbeidsplassar i Måløy

Venstres og Sveinung Rotevatn vil gjøre det enklere å få dobbelt statsborgerskap her i landet.
Foto: Vidar Helle

Venstre er einige med samarbeidspartia om framtidig organisering av Fiskeridirektoratet. Det medfører at regionkontoret i Måløy vert vidareført. – Eit viktig gjennomslag for Sogn og Fjordane Venstre, seier Sveinung Rotevatn.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**

Nærings- og fiskeridepartementet har avgjort å redusere talet på regionar i Fiskeridirektoratet frå sju til fem. Det opphavelege forslaget frå fiskeridirektøren var tre regionar, noko som ville medføre at regionkontoret i Måløy vart lagt ned.

 

Sogn og Fjordane Venstre har jobba målretta for å sikre framleis regionkontor i Måløy, og er svært nøgde med gjennomslag for sitt syn.

 

– Venstre er opptekne av å desentralisere statlege arbeidsplassar. Å sikre eit framleis sterkt kompetansemiljø i Måløy har vore høgt prioritert frå vår side, og vi er glade for gjennomslag, seier stortingsrepresentant Sveinung Rotevatn.

Venstre er opptekne av å desentralisere statlege arbeidsplassar.

Nordvestlandet er og vil vere ein viktig del av fiskerinæringa nasjonalt, og kompetansemiljøa i Måløy og Ålesund vil bidra til å vidareutvikle og styrke denne næringa gjennom at regionkontora blir vidareført i den nye organiseringa.

Pål Farstad
Pål Farstad

– Det er først og fremst de tunge fiskerifaglige miljøa som gjør det viktig å ha regionkontor både i Ålesund og Måløy. I tillegg er det viktig for Venstre å unngå en tapping av statlige arbeidsplasser fra disse stedene, seier stortingsrepresentant for Møre og Romsdal Venstre, Pål Farstad.

 

Du kan lese meir om saka her: http://www.smp.no/nyheter/article10985033.ece

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**