Pål Farstad på næringslivsbesøk i Haram

Gjendemsjø
F.v. Pål Farstad, Kristian Stråmyr og Leidulf Longva, Foto: Ole Johan Høyberg
F.v. Are Grov Hestetun, Pål Farstad, Kristian Stråmyr, Bjørn Halfdan Leine, Håvard Urkedal og Fredrik Gjøsund.
Brattvåg Electro

Måndag 18. mai var stortingsrepresentant Pål Farstad (V) frå næringskomiteen på besøk i Haram for å diskutere næringsliv.

Fyrst var Farstad saman med lokale venstrefolk på Gjendemsjø-fabrikken der dei fekk ei omvising av daglig leder Leidulf Longva og Arne Farstad som også bydde på smaksprøver av sild i wraps og gav ei grundig orientering om bedrifta og uheldige verknadar av dagens tollreglar. Så tok dei turen over til Brattvåg Electro der administrerande direktør Bjørn Halfdan Leine, Fredrik Gjøsund og Are Grov Hestetun orienterte om dei ulike sidene ved bedrifta og utfordringar dei møter på.

Ope næringslivsmøte. På Kulturkafeen var det duka for eit ope møte om næringsliv der Pål Farstad og redaktør i næringslivsportalen Nett No Ogne Øyehaug var innleiarar. Farstad snakka om alt frå landbruk, Nordøyvegen, maritim- og marinenæringar til søndagsopne butikkar som det var lokal skepsis mot. Øyehaug nytta si taletid til å diskutere forholdet mellom kommunar og hjørnesteinsbedrifter. Etter innlegga var det opna for ein generell næringslivsdebatt der tilhøyrarane kunne stille spørsmål.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**